Nasjonalt Tryggingsorgan (NSM) har utarbeidd eit nytt skjema som skal brukast ved førespurnad om tryggleiksklarering. Den største endringa er at heimelsgrunnlaget for å tryggleiksklarere for objekttilgang som følge av tidlegare overgangsregel nå er borte. Denne overgangsregelen er ikkje lenger gjeldande frå 1.1.2022. Det inneber at vi ikkje lenger kan behandle førespurnader om tryggleiksklarering som er grunngitt berre i dette behovet.
Det er tiltenkt at åtgangsklareringar skal overta som tryggleiksmekanisme ved objekttilgangar, der dette er eit hensiktsmessig tiltak. Dette heimlast i så fall ved eit eige departementsvedtak, og prosessen er beskriven i ein eigen rettleiing frå NSM.
Ta gjerne kontakt med oss om de har behov for ytterlegare informasjon.