Personvernerklæringa for DIO Nettsteder gir deg overordna informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar i vår WordPress-multisite.
Personvernerklæringa forklarer korleis nettsteder.regjeringen.no samlar inn og bruker informasjon om besøkjande på nettstadene våre.
Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstadene våre, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.
DIO, ved direktøren, er behandlingsansvarleg for opplysningar som blir samla inn automatisk, og som er nødvendige for at du skal oppleve at nettstaden er enkel å bruke, og som ivaretek tryggleiken og stabiliteten på nettstaden. Dette kan omfatte såkalla informasjonskapslar (cookies), logging av kva datamaskiner som er i kontakt med nettstaden, og trafikk til og frå nettstaden.
Behandlinga skjer i tråd med personopplysningslova, inkludert EUs personvernforordning og tilhøyrande forskrifter. Dette omfattar tekniske og administrative tiltak, regelverk og kompetanse hjå medarbeidarane.
Denne erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19), og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 første ledd).
Personopplysningar
Personopplysningar finst på nettstadane i form av omtalar og skildringar som ein del av det redaksjonelle innhaldet, og i ulike format:
- Tekst i HTML-filer som blir viste på nettstadane
- Tekst i nedlastbare dokument i ulike format
- Tekst, lyd eller bilete i videofiler
- Lyd i nedlastbare lydfiler og podkastar
Relevante personopplysningar som inngår i det redaksjonelle innhaldet på nettstadane, kan innehalde namn, rolle, yrke og liknande. Opplysningane er henta frå offentlege kjelder og publiserte som ledd i informasjonsplikta det offentlege har for å synleggjere ansvar i forvaltninga.
Samtykke er ikkje nødvendig for å behandle personopplysningar som del av journalistisk innhald, eller når behandlinga kan heimlast i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e, der behandlinga er nødvendig for å utføre ei oppgåve i allmennheita si interesse eller utøve offentleg myndigheit som den behandlingsansvarlege er pålagd.
SMK og alle departementa har eigne redaksjonar med sjølvstendig behandlingsansvar for personopplysningar på nettstadane. Nettstadens eigar, som i hovudsak vil vere eit departement, er ansvarleg redaktør for den einskilde nettstaden. DIO eig ikkje innhaldet utanom på nettsteder.regjeringen.no og dio.dep.no.
Når besøkjande legg inn kommentarar på sida, lagrar vi informasjonen som blir oppgitt i kommentarskjemaet. I tillegg lagrar vi IP-adressa til den besøkjande og informasjon om kva nettlesar som blir brukt.
Dette blir gjort for å bidra til å hindre useriøse kommentarar.
Ein anonym tekststreng som er generert på grunnlag av e-postadressa di (òg kalla ein «hash»), kan bli sendt til tenesta Gravatar for å undersøkje om du har ein konto der. Sjå personvernerklæringa til Gravatar.
Når kommentaren din er godkjend, vil profilbiletet ditt vere synleg for alle i tilknyting til kommentaren.
Nettstaden kan innehalde personopplysningar som ligg innebygde i dokument og filer, til dømes namn, stilling eller arbeidsstad.
Slik informasjon kan i nokre tilfelle også vise kven som har medverka til utarbeidinga av dokumentet.
Denne typen informasjon skal i utgangspunktet ikkje publiserast. Dersom slik informasjon er synleg, bør du kontakte den behandlingsansvarlege for den aktuelle delen av nettstaden.
Dersom du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete som inneheld informasjon om kvar biletet er teke (EXIF GPS-data). Besøkjande på nettstaden kan laste ned bilete og hente ut slik informasjon.
Det er mogleg å abonnere på nyheitsbrev frå nettstadene for alle som ønskjer å motta slik informasjon.
For at vi skal kunne sende deg e-post, må du registrere ei e-postadresse. Desse opplysningane blir ikkje delte med andre verksemder, og dei blir sletta når vi får beskjed om at du ikkje lenger ønskjer å motta informasjon frå oss.
Opplysningane blir også sletta dersom vi får tilbakemelding om at e-postadressa ikkje lenger er aktiv.
DIO nyttar tredjepartstenesta Mailgun frå Mailgun Technologies, Inc., som er etablert i USA, til utsending av e-post med lenkjer til nyheitene. DIO nyttar òg Newsletter for handtering av abonnement på nyheitsbrev.
MailGun
Følgjande opplysningar blir registrerte:
- Kva e-postar som ikkje kjem fram til mottakaren
- Avmelding frå e-postabonnement
- Om du melder e-posten som søppelpost
DIO har databehandlaravtale med Mailgun. Vi sender e-post via Mailgun sine tenarar i EU.
Newsletter
Opplysningane blir lagra lokalt i WordPress.
Personopplysningslova gir alle registrerte rett til å få vite kva personopplysningar som er registrerte om dei.
Du har òg rett til å få retta, sletta eller supplert personopplysningar som er feilaktige, ufullstendige eller som det ikkje er høve til å behandle.
På nettstadene kan det vere ulike skjema for å sende innspel, meldingar eller ta kontakt.
DIO Nettsteder nyttar Ninja Forms. Opplysningane som blir fylte inn i skjemaa, blir lagra av DIO.
Eigaren av nettstaden er behandlingsansvarleg for personopplysningane du som brukar legg inn i skjema. Personopplysningane skal slettast når formålet med innsamlinga er oppfylt. Ta kontakt med eigaren av nettstaden dersom du ønskjer å få sletta opplysningar om deg.
Personopplysningane blir ikkje brukte til andre formål.
DIO lagrar informasjon om kva søkjeord brukarane nyttar på nettstadene våre gjennom Plausible og SearchWP.
Formålet med lagringa er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Søkjemønster blir lagra i aggregert form. Det er berre sjølve søkjeordet som blir lagra, og søkjeorda kan ikkje knytast til andre opplysningar om brukarane, som til dømes IP-adresser.
Nettstadene nyttar utvidinga SearchWP som søkjeverktøy.
DIO nyttar Quickchannel til lagring, overføring og vising av videoar på nettstadene. DIO har databehandlaravtale med Quickchannel.
DIO samlar inn opplysningar om besøkande på nettstadar. Formålet med bruk av statistikk er å forbetre og vidareutvikle våre nettsider. For å analysere informasjonen brukar vi analyseverktøyet Plausible.
Plausible sine servarar er lokalisert i EU. Ein brukar blir ikkje følgt av Plausible på tvers av einingar.
Døme på kva statistikken gir oss svar på er:
- Kor mange som besøker ulike sider
- Kor lenge besøket varer
- Kva nettstadar brukarane kjem frå
- Kva nettlesarar som nyttast
- Kva ord brukaren har søkt på i søkefeltet
Plausible brukar ikkje informasjonskapslar for å samle informasjon om bruken av nettstaden og for å skilje brukarane frå kvarandre. Rapportane brukast for å forstå kva behov for informasjon brukarane av våre nettstadar har, og for å forbetre nettstaden.
Kva informasjonskapslar som er i bruk, avheng av kva utvidingar (plugins) som er aktiverte på den aktuelle nettstaden i DIO Nettsteder.
Informasjonskapslar, ofte kalla cookies, er små tekstfiler som ein nettstad kan be nettlesaren din om å lagre på datamaskina di. Når du besøker den same nettstaden igjen, sender nettlesaren informasjonskapslane tilbake saman med førespurnaden om innhaldet på sida.
På denne måten kan nettstaden kjenne att at det er den same brukaren som har besøkt sida tidlegare.
Det er opp til deg om informasjonskapslar skal lagrast, og om dei skal sendast tilbake til nettstaden. Informasjonskapslar blir automatisk sletta etter ei viss tid, slik nettstaden har definert.
Du kan sjølv administrere bruken av informasjonskapslar.
Personvernombodet i DIO skal sjå til at krava til behandling av personopplysningar blir følgde, og vere ein ressursperson som styrkjer verksemda si kunnskap om personvern.
Personvernombodet har mellom anna desse hovudoppgåvene:
- Vere kontaktpunkt for dei registrerte og bindeledd mellom Datatilsynet og verksemda
- Informere og gi råd til verksemda og dei tilsette om pliktene som følgjer av regelverket
- Kontrollere at personopplysningslova og verksemda sine retningslinjer for personvern blir etterlevde
- Gi råd om og delta i arbeidet med konsekvensvurderingar i samsvar med personvernforordninga artikkel 39 nr. 1 bokstav c
- Samarbeide med Datatilsynet
Kontaktinformasjon: personvernombud@dio.dep.no