Med ståstad i PPT og medansvar for den pedagogiske tilrettelegginga for barn og elevar med autisme kjem følgjande innspel:
Det er stor trong for avklaring av roller og mandat til dei ulike tenestene. Særleg gjeld dette:
Kva skal vere opplæring/utdanning og kva skal vere helseteneste? I dag er dette særleg uklart når det gjeld barnehagebarn. BUP set diagnose – overlet så oppfølging til habilitering. Som seier at kommunen skal gjennomføre deira intervensjon, og det skal PPT tilrå. Etter vår vurdering bør oppfølging av barnehagebarn i høve til språk, kommunikasjon, sosial trening m.m. vere heimehøyrande i det pedagogiske oppdraget og ansvar vere plassert i Barnehagelova.
På same vis bør oppfølging av elevar i grunnskulen vere forankra i det pedagogiske oppdraget og plassert i Opplæringslova.
Det bør vere langt tydlegare innramming på kva delansvar dei ulike tenester skal ha enn i dag. No er det gjeve overlappande mandat og oppdrag, og det fungerer lite tilfredsstillande.
Særleg viktig er det at dette arbeidet heng tett og godt saman med Stortingsmeldinga om Tidleg innsats som Kunnskapsdept. no skriv på og som skal kome september 2019.