Privatperson 44

Det må bli ulovleg med kontraktar der ein berre kan seie opp leigekontrakten sin ein gong i året. I Trondheim er det vanleg med kontraktar der ein må seie opp før 1. april, for å få kunne flytte ut 31. juli same året. Dersom ein seier opp etter 1. april, eller ein annan satt dato, må ein vente over eit år før ein kan flytte ut. Utleigar kan då krevje månadsleige i over eit år etter at ein gir beskjed om at ein vil flytte ut. Dette tykkjer eg er særs urimeleg, og ei utnytting av studentar og andre leigetakarar.

Dette er dessverre vanleg praksis for studentar som skal leige bustad i Trondheim, og utleigarane utnyttar dette slik at dei skal sleppe arbeid med studentar som seier opp i løpet av året. Eg har budd 3 forskjellige stadar i Trondheim gjennom studietida, og alle dei forskjellige utleigarane, har hatt denne kontrakttypen. Det er ikkje slik at ein berre kan velje ein annan utleigar som ikkje tilbyr ein slik kontrakt, fordi dei aller fleste gjer det.

Forslaget mitt er at maksimum 3 månader oppseiingsfrist må bli lovpålagt, eller ev. at slike kontraktar der ein berre kan seie opp 1 gong i året må bli forbode.