– Nokre kommunar opplever eller har opplevd ein kraftig vekst i innbyggarar. Vert ikkje fanga av inntektssystem. Samtidig gjer lærarnorm, pedagognorm etc. seg gjeldande og legg press på økonomien, statleg detaljstyring er orsaka. Fjernar lokalt handlingsrom og gjer at ein må omprioritere til oppvekstsektoren for å møte lovkrav, mens ein samstundes har ein aldrande
befolkning som også er krevjande å møte. Dette gjeld også store kommunar, då
detaljstyringa trer inn på einingsnivå og ikkje på kommunenivå.
– Statleg styring har tradisjonelt vert gjort gjennom lover: individet får fleire rettar,
kommunane får ei plikt. Den statlege styringa har den seinare tida fått ein ny dimensjon, gjennom styring via normer. Slik statleg detaljstyring utfordrar
generalistkommuneprinsippet.
– Kommunane har i dag stor friheit i organisering av oppgåver. Differensiering eller utflytting av oppgåver kan få store ringverknader i denne organiseringa. Døme: barnas hus med samlokalisering av tenester til born og unge, utflytting av ein av desse vil rokke med heile samarbeidstanken.
– Rekruttering av teknisk kompetanse, ingeniør og prosjektleiar er utfordrande for kommunal sektor. Attraktiviteten må setjast fokus på.
– Rekrutteringsutfordringar på helse og omsorg, noko av dette kan tilskrivast ulikt avlønning av yrkesgruppa i statleg og kommunal sektor.
– Regelverk for interkommunal samarbeid, nokre gongar er grensesnitt mot anna lovverk ei hindring for samarbeid. Til dømes regelverk om offentlege anskaffingar.
– Kommunereforma har gitt eit «strekk i laget», dette fører kanskje til at interkommunalt samarbeid dreiar meir i retning mot kjøp av tenester. Dei større kommunane blir tenesteleverandørar til mindre kommunar. Ein konsekvens av dette er mindre lokaldemokratisk styring av eigne tenester og handlingsrom.