– Premissen om at «strekk i laget» betyr at dei minste kommunane sakkar etter er kanskje ikkje riktig føresetnad. Likeverdige tenester betyr ikkje like tenester.
– Rekruttering av rett og tilstrekkeleg kompetanse er ein av dei største utfordringane for sektoren. Desentralisert utdanning er eit viktig verkemiddel for å sikre tilstrekkeleg kapasitet.
– Større forskjellar i kommunestørrelse utfordrar generalistkommuneprinsippet. Nye større kommunar har forventningar om nye oppgåver. Dette aspektet sett i lys av generalistkommuneprinsippet, fører i større grad til kjøp av tenester mellom kommunar. Liten kjøper frå stor.
– Overføring av oppgåver frå kommune til stat eller fylke er ikkje føremålstenleg. Det fjernar den lokaldemokratiske styringa og eigarskapen. Intensjonane bak kommunesamanslåingar var mellom anna å styrke det lokaldemokratiske nivået. Flytting av oppgåver frå kommunen,
og auke i kjøp av tenester, fjernar oppgåvene frå det lokaldemokratiske nivået.
– Kjøp av tenester mellom kommunar kan somme tider strande i betalingsmodellar, krevjande å finne løysingar som passar både store og mindre kommunar.
– Spørsmålet om generalistkommuneprinsippet handlar også om trua på små kommunar, og lokaldemokratiet si rolle. Viktig dimensjon å vurdere i utvalsarbeidet.
– Aspektet om kva små kommunar faktisk klarer å levere er viktig å få med, mange gode tenester og ofte velgrunna val og prioriteringar som er godt forankra i det lokale demokratiet.
– Viktig å sikre god og tett kopling og dialog med utvalet som jobbar med inntektssystemet til kommunane. Fylkesstyret utfordra også på å bruke resultata frå Normann-utvalet sitt arbeid.
– Utvalet bør sjå til korleis ein kan bygge kompetanse i kommunane, korleis kan kommunane støttast i dette, utdanningsinstitusjonane er viktige her. Livslang læring. Faglege nettverk.