Innspel til utgreiing om musikkfeltet i Noreg
(innspelet ligg også ved som pdf)
Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og vart første gong arrangert i 1990. Festivalen var knutepunktfestival frå 2005-2015 og har sidan det vore på ordninga for musikkfestivalar hjå Norsk Kulturråd.
Vi har gjort oss nokre refleksjonar dei seinaste åra i lys av å vere ein stor søkar i Musikkfestivalordninga, og ein stor festival i distrikts-Noreg, i ein ikkje-kommersiell sjanger. Dette er våre innspel til Musikkutvalet.
Betre dialog og openheit i tildelingsprosessane
Ei sentral utfordring for festivalar i dag er mangel på dialog med tilskotsordningane. Ordningane må vere meir opne rundt korleis kunstnarleg kvalitet vert vurdert, og kva kriterium som ligg til grunn for tildelingar. Etter vårt syn hadde det vore naturleg med ei differensiering der dei største festivalane i ordninga til kulturfondet søker på andre vilkår enn heilt ferske festivalar. Ei tilskotsordning som også har rom for dialog og tillit, og der ein til dømes kunne ha dialogmøte med dei som skal tildele midlar. Ei slik ordning vert praktisert til dømes i Vestland fylkeskommune. Det styrkar forståinga og betrar prosessane og er også med å skape tillit.
Vi støttar det Magne Lerø skriv i Samtiden:
Det gis ingen begrunnelser for hvem som får støtte og hvem som får avslag fra Kulturfondet. Kvalitet skal være det avgjørende kriteriet. Men at alt skal skje i hemmelighet og at det er representanter fra støttemottakerne som avgjør hvem som får støtte, svekker ordningens legitimitet.
Tilpassing av søknadsfristar og saksbehandling
Dagens søknadsfristar og lange saksbehandlingstid er utfordrande for festivalar, som ofte må starte planlegging og programmering før tilskot er avklara. Dette gjer det vanskeleg å drive føreseieleg. Ei strammare saksbehandlingstid og betre tilpassa fristar vil gi festivalar betre tid til å planlegge og sikre kvalitet og ressursbruk.
Styrking av musikkfestivalar med langsiktig kompetanse
Det er avgjerande å sikre gode rammevilkår for musikkfestivalar som har bygd opp kompetanse over tid og har ein fast stab. Desse festivalane er viktige både som kulturinstitusjonar og som aktørar i utviklinga av lokale og regionale musikalske økosystem. Det bør særleg leggjast til rette for sjangerfestivalar innan jazz, folkemusikk, samtidsmusikk og andre ikkje-kommersielle sjangrar, som er med å skape mangfald og rikdom i musikklivet. Det må til dømes vere av stor verdi for norsk folkemusikk og norske folkemusikarar at Noreg har ein internasjonal folkemusikk-festival på Førdefestivalen sitt nivå.
Etablering av regionale kompetansesenter
Regionale kompetansesenter har vist seg som effektive strukturar for å rekruttere og utvikle både publikum og miljø innan ulike sjangrar. Dette er godt utvikla på jazzfeltet, og det er behov for tilsvarande innan folkemusikk og folkedans. Dette ville utvikle feltet og styrke samarbeidet mellom aktørar lokalt, regionalt og nasjonalt. Førdefestivalen ønskjer å ta ei slik rolle på Vestlandet, noko som vil styrkje folkemusikken si stilling og rekrutteringa til miljøet.
Ref innspelet frå FolkOrg, NU, Riksscenen, NSFF: Myndigheitene må legge til rette for ein sterk og stabil regional struktur med gode tilhøve for nettverk og regionale folkemusikksenter.
Synleggjering og rekruttering
Festivalar som Førdefestivalen spelar ei viktig rolle som utstillingsvindauge for norske folkemusikarar og tradisjonar. Gjennom subsidierte konsertturnear, som VestaFolk-prosjektet, kan festivalar bidra til å auke talet på konsertar, styrkje arrangørkompetansen og gi fleire oppdrag til profesjonelle utøvarar. Samstundes vil større aktivitet og synleggjering kunne inspirere nye generasjonar til å bli ein del av folkemusikk- og folkedansmiljøet.
Behov for betre samordning og turnélegging
Det er eit tydeleg behov for å styrke samordninga av konsertverksemd innan folkemusikk og verdsmusikk i regionane. Mange små arrangørar har avgrensa ressursar, noko som gjer det utfordrande å gjennomføre konsertar. Eit regionalt kompetansesenter for folkemusikk og folkedans kan fylle dette tomrommet ved å støtte arrangørar og leggje til rette for meir aktivitet.
Arrangørleddet er sårbart og må styrkast
Det er viktig å sikre gode og enkle, ubyråkratiske ordningar for små og mellomstore arrangørar over heile landet. Vi treng eit turnénettverk av heilårsarrangørar med regional/nasjonal koordinering, subsidiering og tilrettelegging. Det er også viktig at ein ikkje ytterlegare svekkar eit allereie sårbart ledd, arrangørane, ved å pålegge Tono-avgift også av tilskota arrangørane får til konsertverksemda si.
Styrking av lokale og regionale strukturar
For å sikre at den immaterielle kulturarven blir teken vare på og vidareutvikla, må det satsast på sterke nettverk mellom folkemusikksenter, arkiv, festivalar og distriktsmusikarar. Barne- og ungdomskurs i folkemusikk og folkedans bør prioriterast for å sikre rekruttering og framtidig berekraft.
Mangfald og lokal identitet
Sjangerfestivalar, som Førdefestivalen, har ei unik rolle som nisjefestivalar og motstemmer i ei tid der mange festivalar blir meir og meir like. Desse festivalane bidreg til å fremje lokal identitet og set mindre stader på det internasjonale musikk-kartet. Det er viktig å støtte festivalar utanfor dei store byane for å bevare det kulturelle mangfaldet og sikre likeverdig tilgang til kultur over heile landet.