Jo Asgeir Lie (mottatt 25.11.24)

Ole Bull Akademiet har følgjande innspel:

1. Det bør satsast ytterlegare på folkemusikk og folkedans. Folkemusikken og folkedansen gjev innblikk i svunnen tid, den er kontemporær, og den har styrke i seg til å gje innhald og meining til unge, vaksne og eldre også i åra som kjem

2. Det må bli meir song i skulen. Vi er inne i ei fårleg utvikling, der born ikkje lærer å synge i norsk skule. Resultatet er at vi i dag har eit samfunn som no står i fåre for å ikkje ha eit felles songrepertoar. I ei tid med satsing på demenskor, er den felles songen noko som er heilt essenseiell.

3. Lærarutdanningane bør etter vårt syn ha obligatorisk musikk- og kunst og handverksundervisning. Det er desse faga mange lærarar møter, og ikkje minst må undervise i, i få-delte skular rundt om i landet. Dette er også heilt grunnleggande for punkt 2, og for å skape «gangs mennseke» av nye generasjonar.

4. Ole Bull Akademiet ser med bekymring på at det blir stadig færre studentar som tek musikk ved lærarhøgskulane. Talet på studentar har gått ned, og nivået på studentane er ofte svært varierande.

5. Trongare økonomi ved universiteta og høgskulane gjev også dårlege vilkår for musikkfeltet, og ein ser no reduksjonar i heile sektoren. Samstundes er det viktig at musikksektoren i akademia også leverer eit tilbod som er relevant for musikklivet. Folkemusikken har fått ein naturleg innpass i akademia, og er vel også leiande på å vere relevant for jobbmoglegheitene studentane kan forvente når dei er ferdige med studieåra. Det er særleg viktig å satse på å få utdanna gode pedagogar innan folkemusikk og folkedans.

6. Det bør bli fleire ph.d. studentar innan folkemusikk, og forskninga på tradisjonsmusikk- og dans bør vere ei prioritert oppgåve. Vi nærmar oss eit generasjonsskifte i akademia, og det er stort behov for nye lærekrefter på studiestadane som har doktorgradskompetanse.

7. Kulturskulane bør ha ein særskild fokus på folkemusikk og folkedans. Gjennom undervisningsstillingar på folkemusikkinstrument og dans, og gjennom metodisk samarbeid med lokale spelemannslag, kan ein styrke folkemusikkopplæringa i kulturskulane.

8. Arbeidet med å få på plass regionale senter som kan sende folkemusikarar ut på turné bør satsast på. I bortfallet av Rikskonsertene, manglar vi turnéorganisasjonar, og dette har resultert i færre konsertstader dei seinare åra.

9. Det bør satsast på lokalt arrangørledd, slik at det blir fleire konsertarrangørar rundt i distrikta.

10. Musikk er viktig for menneska, og i ei verd der den frie kunsten og kulturen stadig blir utfordra, er det desto viktigare å satse på musikken. Alle sjangrar er like viktige, men i god Orwelsk tradisjon: nokon er viktigare enn andre. Det er berre Norge som kan ta vare på den norske folkemusikk- og dansetradisjonen. Det er berre Norge som kan gje folkemusikken og folkedansen aktualitet også for komande generasjonar. Miljøet sjølv skal klare oppgåva, men det trengs ei bevisst statleg haldning på at folkemusikken og folkedansen står i ei særstilling, og at det blir satsa tydeleg på folkemusikken som uttrykksform.

11. Kommunal og fylkeskommunal fattigdom i ei tid med stor statleg rikdom, trugar kulturtilboda i mange kommunar, og løyvingar til musikk og dans blir kutta i tronge budsjett. Dette er svært skummelt i ei tid der kunst og kultur er viktigare enn nokon gong. Kommuneøkonomi og kulturøkonomi heng nøye saman, og både lokale og nasjonale organisasjonar treng kommunar som både vil og kan satse på kultur.

12. Ole Bull Akademiet har i snart 50 år vore med å gje innsikt og kjennskap til norsk folkemusikk og folkedans. I løpet av desse åra har det vore innom over 20 000 studentar, og vi vågar påstanden om at vi har vore med å synleggjere tradisjonsmusikk og dans for studentar som aldri hadde kome til å møte dette på sin eigen studiestad, eller i eige musikkmiljø. Ole Bull Akademiet både ønskjer og håpar at kompetansen akademiet sit på kan brukast endå meir aktivt i åra som kjem.

Med venleg helsing

Jo Asgeir Lie
Rektor

NOU-musikkfeltet-OBA.pdf