FolkOrg, Riksscenen, NU og SFF (mottatt 26.09.24)

Vedlagt ligg eit innspel frå folkemusikk-Noreg til utgreiingsarbeidet om norsk musikk. Innspelet er eit fellesinnspel frå FolkOrg, Riksscenen, Noregs ungdomslag og Senter for folkemusikk og folkedans.

Noreg har eit mangfald av varierte og og spennande musikktradisjonar som står støtt, men som i ulik grad likevel er svært sårbar. Vi meiner denne kulturarven fortener å få dei beste vekstvilkåra styresmaktene ilag med organisasjonane kan gje. I vårt innspelt gjer vi eit forsøk på å lyfte fram tiltak vi meiner kan vere med å betre vilkåra for folkemusikken.

Å satsa på folkekulturen er å satsa på framtida. Folkemusikken og folkedansen er ei kraft i seg sjølv – eit unikt samværsfellesskap og kunstfelt i spennande utvikling. Denne musikken og dansen er samlande på tvers av sosiale miljø, og ein slik samvær- og deltakarkultur er både psykisk og fysisk helsefremjande.

Vi har i innspelet vald å rette hovudfokuset i dette felles innspelet mot den norske folkemusikken, under føresetnaden av at NOU-utvalet har dialog med aktørar innan samisk musikk og ulike nasjonale minoritetar, men finn det likevel naturleg å nemne joiken i nokre samanhengar. Vi ynskjer å framsnakke alt det vi meiner er bra og fungerer godt på folkemusikkfeltet i dag. Og vi ynskjer å sette ljos på ein del av dei utfordringane feltet har.

Vi meiner styresmaktene har eit stort ansvar i å leggje ein politikk som både ivaretek dei ulike folkemusikkuttrykka sine tradisjonelle fundament, samt gje rom for utvikling og oppbygging. Vi har sett opp forslag til tiltak undervegs i dokumentet, tiltak vi meiner vil kunne lyfte og fremje folkemusikken meir enn det blir gjort i dag. Og vi vonar utvalet set fokus på folkemusikk i NOUen, og alle vi fire organisasjonane er positive til å utdjupe, oppklare, underbyggje og samtale med utvalet dersom det er ønskeleg.

Vedlagt ligg innspelet i sin heilskap.

Med helsing frå
Aslak Brimi, FolkOrg
Ane Carmen Roggen, Riksscenen
Magni Flyum, NU
Tanja Holmen, SFF

Innspel-NOU-2024-_-FolkOrg-NU-Sff-Riksscenen-_-ferdig.pdf