Bak dette innspelet står Brynjulf Stige, professor i musikkterapi ved Griegakademiet (UiB) og leiar for Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi, og Karette Stensæth, professor i musikkterapi og leiar for Senter for forsking i musikk og helse (CREMAH) ved Norges musikkhøgskole (NMH). Vi takkar for mogelegheita til å gje innspel til Utvalet sitt viktige arbeid.
Innspelet vårt er formulert i vedlagt dokument og er knytt til kulepunktet om verdi¬skaping i Musikkutvalet sitt mandat, der vi særleg legg vekt på helse, kulturelle rettar, demokratisk ytringsrom og fellesskapsverdiar.
Musikkterapi er tilrådd eller omtala som aktuell tilnærming i ei rekkje nasjonale, faglege retningslinjer frå Helsedirektoratet. Evidensgrunnlaget og relevansen er særleg tydeleg innan psykisk helse, rusbehandling og demensomsorg, men mykje indikerer at musikkterapi er viktig også innan andre område. Eksisterande kunnskap om brukarerfaringar og effektar er ikkje tatt systematisk i bruk i det norske samfunnet og det er svært store regionale skilnader, trass i nasjonale tilrådingar. Det er difor behov for konkrete tiltak som kan endre situasjonen i alle delar av landet.
Vi tilrår følgande tre tiltak:
1) Å leggje til rette for nasjonal implementering av musikkterapi som helseteneste, både i spesialist¬helsetenesta og i kommunale tenester, med tilskotsordningar i ein oppbyggingsfase
2) Å styrke nasjonalt informasjons- og rådgjevingsarbeid, for å stimulere spreiing av musikkterapeutisk kunnskap og støtte implementerings- og utviklingsarbeid i heile landet
3) Å auke nasjonal utdanningskapasitet i faget, med nasjonale utfordringar for auge (jf. pkt. 1 og 2)
Musikkterapi eit fagfelt med eitt bein i helsefeltet og eitt i kulturfeltet, og ei oppfølging av desse tre forslaga vil føresetje samordning og rollefordeling mellom ulike myndigheiter med ansvar for helse, kultur og høgare utdanning / forsking. Nærare utdjuping følgjer i vedlagde dokument.