Rogaland Landbrukspark

Helga

Styret i Rogaland Landbrukspark hadde innspel til Matystemutvalet som sak i sitt møte 2.desember 2025.
På bakgrunn av diskusjonen gir me dette innspelet til utvalet.

Styret i Rogaland Landbrukspark støttar Statsforvaltaren i Rogaland sitt innspel.
I tillegg vil me supplera med tre moment som me meiner er viktige:
1. Rekruttering i alle ledd av landbruket: heile bransjen slit med rekruttering, og det er mest ikkje råd å få tak i fagkompetanse, og etablert kompetanse kan gå tapt. Derfor bør arbeidet med rekruttering styrkast både nasjonalt og regionalt. Heile verdikjeda for matproduksjon opplever utfordringar med å få tak i kompetanse.

2. Regionale innovasjons-/forskingsmidlar: Regionalt forskingsfond forsvann for eit par år sidan, og lokale midlar som FORREGION har stått i fare for å bli tatt ut av statsbudsjettet. Det er behov for tilgang til regionale innovasjons- og utviklingsmidlar for bedriftene som eit lågterskeltilbod. Dette styrker regional utvikling/omstilling.

3. Det siste punktet er ikkje del av diskusjon for eller mot EU. Det er eit innspel fordi mykje av rammevilkåra for landbruket i Norge vert gjort i EU. EU er i gang med å utforma ny landbrukspolitikk, og der bør Norge vera sterkare representert enn slik det ser ut for at ein er i dag. På den måten kan ein påverka utforminga av ny politikk som vil påverka Norge.

Rogaland Landbrukspark sitt formål er å bidra til eit overordna samarbeid mellom medlemmene for å auka konkurransekrafta i landbruket, gjennom å styrka og utvikla næringsklynga av landbruksfaglege kompetansebedrifter.
Desse 13 organisasjonane og bedriftene er medlemmer: NIBIO Særheim, Jæren Rekneskapslag, NLR, TINE SA, Bombus AS, Høgskulen for grøn utvikling, Tveit vidaregåande skole, Vinterlandbruksskulen på Jæren, Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, Øksnevad videregående skole, Felleskjøpet Rogaland og Agder, Haugaland Vekst IKS og Rogaland Bondelag.