Pelagisk Forening

Ask Økland
Pelagisk Forening

Fiskeri, og oppdrett, er den nest største eksportnæringa i Noreg. Sjømatnæringa er heilt sentral for arbeidsplassar, og busetnad, langs kysten. Nærnga sysselset òg mange i tilknytta næringar som fiskemottak, verkstadar, og produksjon og vedlikehald av reidskap og fiskefartøy.

Fiskeri er ei tilpassingsdyktig næring som haustar av fornybare ressursar. Fiskeri er matproduksjon med vesentleg lågare klimaavtrykk enn landbasert matproduksjon.

Fisk er òg kortreist, sunn og næringsrik mat.

Norsk konsum av sjømat er diverre ikkje så høgt som det burde vera. Difor er det høve til å styrka innanriks konsum av norsk sjømat.

Det er eit dilemma at slik matproduksjon ikkje blir prioritert høgare ved arealkonfliktar på havet. T.d. vil vindturbinar til havs fortrenga svært miljøvennleg matproduksjon.

Det er òg eit dilemma, og ei utfordring, at sjømat ikkje blir rekna med når det er tale om matberedskap.

Frå eit beredskapssynspunkt er det gode høve til å styrka norsk sjølvforsyningsgrad. Mat frå norsk fisk har vore heilt avgjerande i tidlegare krisetider, og vil kunne blir det i eventuelle krisetider i framtida. Som kjent er ikkje ei kjede sterkare enn det svakaste leddet. Det er difor viktig å ha fokus på alle ledd i verdikjeden. Fartøy, reidskap, mannskap, drivstoff, foredling/konservering, transport og distribusjon m. m.
Bevisstgjering av av mat frå villfanga fisk gjev vesentleg mindre «miljøavtrykk» enn matproduksjon på land.

Gode avtalar med naboland Noreg deler fiskestammer med vil gjera det mogeleg å fiska fisken når fisken er best tilgjengeleg, og gje minst mogeleg utslepp, og såleis vera mest berekraftig.

Fiskerireguleringane tek omsyn til ei rekke til dels kryssande omsyn. Det kan takast meir omsyn til at fisk kan fiskast meir berekraftig.

Godt kunnskapsgrunnlag er viktig for å styrka berekrafta i det norske matsystemet. Dei siste åra har Havforskingsinstituttet opplevd vesentlege budsjettkutt. Dette medfører fare for til dels manglande kunnskapsgrunnlag når det skal takast viktige val. T.d. om kva næring som skal prioriterast ved arealkonfliktar til havs. Større løyvingar, til forsking, vil vera viktig for å styrka berekrafta i norsk matsystem i framtida, men òg i dag.

Det er òg viktig å unngå forureining av havet. Det er òg viktig å styrka arbeidet med å renska opp i «gamle synder».

Som kjent har fisk kort holdbarheit dersom fisken ikkje blir handsama på rett måte. Det er òg viktig med robust infrastruktur og god logistikk. T.d. gode hamner, jernbane, vegar, bunkersanlegg etc.

Stortinget sitt vedtak (nr. 560) seier at «Stortinget ber regjeringen snarest mulig starte arbeidet med en offentlig utredning som kan legge grunnlaget for en stortingsmelding om fremtidens matsystemer, der folkehelse, klima, natur og landbruks- og matpolitikk blir satt i sammenheng.»

Pelagisk Forening har ikkje innvendingar til mandatet, men meiner at når det gjeld mat/matproduksjon bør det vera like naturleg å nemna fiskeri- og sjømatnæringa som landbruksnæringa.