Statsforvaltaren i Innlandet
Moglegheiter
Vi har gode moglegheiter for å auke norsk berekraftig matproduksjon. For å få til ein auke, må vi ta vare på ressursgrunnlaget i heile landet, og rammevilkåra må ta omsyn til lokale og regionale forskjellar. Vi må utnytte produksjonsgrunnlaget vårt. Dette gjeld alle areala våre som kan nyttast til matproduksjon.
Beredskap og matproduksjon heng nøye saman. Det er mogleg å auke den norske matproduksjonen for betre matberedskap. Dette kan vi gjere på ein meir klimavenleg måte t.d. ved å utvikle teknologi og sortar. Bonden utgjer primærleddet for matproduksjonen. For at produksjonen skal vere berekraftig, må i bonden ha vilkår som gjer at både det økonomiske aspektet og det sosiale aspektet er tatt vare på.
Det er viktig å auke delen av norskprodusert mat som vi et i Noreg. Vi treng både volumproduksjon og lokalprodusert mat. Offentlege innkjøp er viktige i denne samanheng, og kan også bidra til auka bruk av lokalprodusert og stuttreist mat. I tillegg kan fokus på mat- og måltidsglede vere med å bidra til betre folkehelse.
Dilemma
Vi bur i eit langstrakt land og har behov for mye transport, og det er viktig å finne effektive og klimavennlege transportløysingar. Stor norsk matproduksjon krev at ressursane i heile landet blir brukt.
Vi må vere medvitne på kva for planteprodukt vi vel når målet er å redusere kjøttforbruket. Kan vi bruke norskprodusert plantekost? Samstundes er det viktig å ha norsk kjøtproduksjon basert på friske dyr, beiteressursar og dyrka mark i heile landet. Ein del plantevarer som vi i rike land må importere frå t.d. Afrika, Asia og Sør-Amerika, fører til ein ubalanse ved at produksjonen på desse kontinenta blir auka i stor skala, og det gjev ei utarming av jorda og øydelegg biologisk mangfald der.
Det er eit stort fokus på billig mat. Ved å utnytte produksjonsressursane i heile landet, kan dette fokuset bli erstatta med beredskap, frisk mat og kortreist (innan landegrensene).
Utfordringar
Matvarekjedene har konsentrert makt, er sentraliserte, det blir ofte lang transport, og distribusjon er konsentrert på få aktørar. Dette gjer det vanskeleg for mindre matprodusentar og andre aktørar å kome inn på marknaden.
Klimagassutslepp i jordbruket/norsk matproduksjon blir ikkje redusert nok jf. måla (Riksrevisjonens rapport).
Jordbruksproduksjonen vår blir påverka av klimaendringar, både positivt (varmare klima, mogleg å dyrke nye artar og sortar) og negativt (våtare og villare klima som gjev utfordringar med flom og ras bl.a.)
Lov om offentlege innkjøp bidrar til at det er vanskeleg å kjøpe lokalprodusert mat (sjølv om vi over har nemnt det som ei moglegheit).
Beredskap og berekraft heng saman. Det er viktig å sjå på heile produksjonskjeda for mat. Vi må sikre at kjeda fungerer – både ved små hendingar og i større kriser. Første del av produksjonskjeda skjer på gardsnivå, og det er viktig å avdekke kvar risikoen ligg, slik at også primærleddet fungerer. Det er viktig for beredskapen å spreie produksjonen av mat utover landet. Dessutan er vi avhengige av at viktige samfunnsfunksjonar som transport, betaling m.m. fungerer. Vi vil nemne at det er viktig å ha eit visst lager av essensielle innsatsvarer.
Vi har for stort matsvinn, og dette må vi gjere meir med enn det vi gjer i dag.
Rekruttering av fagfolk i alle ledd er ei utfordring. Det gjeld både i primærnæringa, i foredlingsleddet og innan yrke som kokk, servitørar m.m.
God nok veterinærdekning er viktig for å sikre trygg matproduksjon med god dyrevelferd. Vi ser at i fleire og fleire område blir det utfordrande å få til tilfredsstillande veterinærvaktordning.
Matproduksjon er ein biologisk produksjon som er avhengig av natur og klima, og det er difor vanskeleg på førehand å seie kor stor avlinga eller avdråtten blir. Med andre ord kan det vere vanskeleg å planlegg eit resultat.
Hvilke 3-5 tiltak vil være viktigst for å styrke bærekraften i fremtidens norske matsystem?
1. Redusere matsvinn: Kvalitetskrav til produkta (grønsaker, frukt, korn m.m.) er høge, og forbrukaren vil ha det beste. Meir kunne ha gått til menneskemat. Når det gjeld kjøtt, er det eit unytta potensiale i t.d. hanekyllingar og geitekje.
2. Legge til rette for å basere matproduksjonen på ressursgrunnlaget i jord og utmark over hele landet.
3. Finne fram til planter som vi kan dyrke i Noreg og som kan erstatte import av planter frå andre kontinent.
Utvalet har eit omfattande mandat. Vi meiner det er mange faktorar som spelar inn for å få til eit berekraftig matsystem, og at det er viktig å få med alle aspekt som kan spele ei rolle. Det er difor naturleg at mandatet bli omfattande.