Harald Rydland

Hei. Eg er ordførar i Fitjar kommune. Fitjar har, som mange andre lokalsamfunn , mista den offentlege tannklinikken dei siste åra. Den private tannklinikken som me hadde i mange år er og nedlagt. Dette gjer at me manglar eit viktig tilbod til innbyggjarane våre. Det bør vera råd å få til levedyktige tannklinikkar i slike lokalsamfunn som vårt, men då må det vera samarbeid mellom offentleg og privat tannhelseteneste. Eg har snakka med fleire tannlegar som meiner dette er interessant. Det må det leggjast til rette for at private tannlegar kan får tilskot frå det offentlege til å behandla barn, sjuke og eldre som har rett på gratis tannlege. Eg håpar de kan ta dette innspelet med i arbeidet for å utvikla eit godt tannhelsetilbod over heile landet.