Rushandhevingsutvalet er blitt gitt eit mandat som er sjølvmotseiande og basert på ein tankegang som grunnleggjande truar rettstryggleiken ved å uthola prinsippet om forholdsmessigheit. Det er ein manglande samanheng mellom samansetjinga av utvalet (tre juristar) og dei kompliserte helsefaglege og samfunnsvitskaplege problemstillingane dei blir bedne om å ta stilling til. Utvalet blir også bede om å leggja til grunn påstandar om verknader av innsats mot brukarar på gatenivå som enten ikkje er dokumentert, eller som framstår som fullstendig unnsansynlege.
Dette er ein uhaldbar situasjon når konsekvensane kan vera lovendringar som set grunnleggjande borgarrettar i fare. Utvalet bør derfor leggja ned arbeidet sitt og senda mandatet tilbake til Justisdepartementet.