Energi
I åra framover treng vi meir av rein energi, og som ikkje må gå på bekostninga av vår unike og fine og rein natur. I 2026 blir den norske naturen bygnd ned med 79 kvm/minutt. Dette er ikkje bærekraftig og er svært øydeleggande for dei framtidige generasjonar. Ein viktig måte å stoppe denne naturøydelegginga, er å stoppe med vidare utbygging av vindkraft. Norge vil aldri klare å få nok energi, utan å ta i bruk kjernekraft, og då med type SMR (små modulære reaktorar). Desse kjernekraftverka kan byggast i t.d. fjell, på same måte som våre kraftstasjonar er. Dei er då sikrare mot både terror og eventuelt krig og dermed midre sårbare. Motstanden mot vindkraft aukar, medan fleire normenn vil ha kjernekraft. Vi må unngå å gå i den fella med «å vente å sjå». Ved å bygge SMR i nærleiken av dei som brukar mykje straum, vil ein sleppe å byggje store og nye transmisjonslinjer. Nett-tapet vil dermed gå ned, samtidig som det vil spare næringslivet og privatpersonar for dyrare nettleige. Sidan nettapet i overføringslinjer og kablar blir rekna i kWt blir dette tapet omrekna til CO2 utslepp, noko som ikkje er bra for vårt land Norge.Naturen vil også unngå å få meir naturøydelgging.
Mineralar
Norge syner seg å ha mykje skjeldne mineralar. Dette er noko Europa treng og er avhengig av. Staten bør derfor opprette eit eige selskap (t.d. slik det vart gjort med Statoil), for å få full kontroll på våre mineralførekomstar.