Ditt navn: | Sølvi Heimestøl |
Tittel/stilling: | Leiar av Nettverk for læring og mestring i Helse Vest |
Velg kategori: | Innspill til omorganisering av egen tjenesten |
For oss i region vest er det viktig at det vert gjort ei grundig fagleg vurdering av tenesta , og helst saman med tenesta sjølv og oss som samarbeidspart/ mottakar av ei nasjonal teneste, før det vert konkludert på organisering og forankring.
Vi ser behov for ei nasjonal overbygging/senter som kan ha ansvar for kompetansebygging, forsking og nettverksbygging.
Av funksjonar/aktivitet som bør førast vidare ved ei eventuell avvikling av kompetansetenesta er følgjande hovudpunkt viktige for oss:
• Forsking og utviklingsarbeid
• Utvikling av konkrete verktøy for læring og mestring/ opplæring av pasient – og pårørande, helsekommunikasjon, helsepedagogikk.
• Følgeforsking
• Formidling av ny kunnskap på ein god måte og gjere opplæring av pasient og pårørande meir synleg ved å ha ei god nettside, produsere artiklar (nasjonalt og internasjonalt) med meir.
• Utvikling av nasjonale retningsliner og struktur for samarbeid mellom brukarar og fagavdelingar.
• Kartlegging/ oversikt på Lærings- og mestringssentra sin funksjon og tilbod
• Dialogpartnar og pådrivar ovafor sentrale myndigheter
• Etablering og vidareutvikling av nasjonale kvalitetsindikatorar
• Vedlikehald av ev registre
• Ansvar for å skape nasjonale møteplassar for erfaringsutveksling og kunnskapsdeling