Ditt navn: | Sølvi Heimestøl |
Tittel/stilling: | Leiar for Nettverk for læring og mestring i Helse Vest |
Velg kategori: | Innspill til kategorisering av kompetansetjenester |
Å foreslå kategori for tenesta, opplever nettverket i Helse Vest som vanskeleg, da vi ikkje kan sjå at føresetnader for å fungere (rammer og vilkår), kjem klart fram i forslaga som ligg føre.
Vi vel difor å skissere dei behova vi kjenner på i praksis.
Tenesta må vere langsiktig med føreseielege vilkår. NK LMH er godt i gang med å finne ny kunnskap som er viktig for oss, og vi treng meir av både forsking og utviklingsarbeid. Opplæring av pasientar og pårørande er ei av føretaka sine hovudoppgåver og det er fortsatt eit «svakt område», både brukarundersøkingar og klagesaker viser at vi ikkje er gode nok. For å skape pasienten si helseteneste og for at pasientar og pårørande skal kunne ta eigne val, trengs det både meir kompetanse, kunnskap og haldningsendring hos både pasient, pårørande og fagpersonar. Om utviklinga skal gå i takt med nasjonale føringar, trengs ei langsiktig satsing her! Læring og mestring er òg sentralt i samhandling med kommunane. Dette er eit relativt nytt område og det er mange pasientforløp som skal utviklast i eit samarbeid, og vi ser det som kjempeviktig at opplæring av pasient og pårørande, læring og mestring vert synleggjort i dette arbeidet.
Her treng vi ein nasjonal pådrivar.
Vi opplever at NK LMH inkluderer oss i regionen på ein god måte. Det gjer at vi kan delta i nasjonale utviklings- og forskingsarbeid som vi ikkje har verken rammer eller føresetnader til å gjennomføre i eigen regi.