Ditt navn: | Sølvi Heimestøl |
Tittel/stilling: | Leiar av Nettverk for læring og mestring i Helse Vest |
Velg kategori: | Innspill til styringssystemet for kompetansetjenester |
Nettverk for læring og mestring i Helse Vest har eit tett samarbeid med Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse, NK LMH, og er godt kjent med arbeidet deira. Det er av stor verdi at ei nasjonal teneste «held fast» i dette fagområdet og vi opplever tenesta som ei god støtte til ofte små og sårbare miljø i kvart føretak.
Vi ønskjer eit styringssystem med mellom anna årleg rapportering, som passar til NK LMH sin funksjon. Hovudfokuset deira er på forsking og utviklingsarbeid kring helsekompetanse hos pasientar og pårørande, helsepedagogisk kompetanse hos fagpersonar, inkludert kommunikasjon og burkarmedverknad, og formidling av ny kunnskap til fagområdet. I vår arbeidskvardag ved Lærings- og mestringssentra i spesialisthelsetenesta, er arbeidet ved NK LMH, viktig for å kunne følgje opp nye nasjonale føringar som mellom anna Samhandlingsreforma, ny Nasjonal helse- og sykehusplan, ny Strategi om helsekompetanse og Meld. St. 26 (Primærhelsemeldingen).