Ditt navn: | Sølvi Heimestøl |
Tittel/stilling: | Leiar av referansegruppa ved NK LMH |
Velg kategori: | Innspill til styringssystemet for kompetansetjenester |
Referansegruppa følgjer arbeidet ved NK LMH og er involvert i arbeidet ved kompetansetenesta, gjennom 2 årlege møte og gjennom e-postutveksling.
Vi ser at det i årleg rapportering til direktoratet har vore vanskeleg å dokumentere arbeidet ved NK LMH innafor dei malane som må nyttast. Her ser referansegruppa behov for eit system for dokumentasjon, som er meir tilpassa den type teneste som NK LMH er. Hovudfokuset deira er på forsking og utviklingsarbeid kring helsekompetanse hos pasientar og pårørande, og på helsepedagogisk arbeid for fagpersonar. Slik referansegruppa oppfattar nasjonale føringar, er desse arbeidsområda svært aktuelle og bør difor kunne dokumenterast på ein betre og meir konkret måte enn det som er mulig i dag.