Vår arbeidskvardag

I DSS får du mange engasjerte, flinke og ikkje minst hyggelege kollegaer.

Vår arbeidskvardag

Kundeløftet vårt » Saman for fellesskapet» er samlande for oss i det daglege arbeidet.

Arbeidsplassen og kollegaene

DSS har mange spanande oppgåver å løyse for departementa. Vi er ca. 700 tilsette med ulik yrkesbakgrunn. Våre høgt kvalifiserte medarbeidarar jobbar innafor ulike fagmiljø, som mellom anna vakt- og sikring, anskaffing, reinhald, logistikk, HR og rekruttering.

Vi er også ei stor lærebedrift, særleg innan tryggingsfaget.

Vi er lokaliserte fleire stader i Oslo sentrum, og dei fleste jobbar i tilknyting til det sentrale regjeringskvartalet i Akersgata. Hovudkontoret ligg i Kongens gate 18-20.

Kundeløfte og verdiar

Kundeløftet vårt: Saman for fellesskapet og verdiane våre: hjelpsam, engasjert og profesjonell, set samarbeid til beste for kundane i departementa i fokus.

Hybride arbeidsformer

Som ein del av arbeidsplasskonseptet vårt har vi fleksibilitet i form av at du kan jobba delvis heimanfrå, inntil to dagar i veka, dersom arbeidsoppgåvene dine passar til det.