Samfunnsoppdraget
I DSS er vi stolte av samfunnsoppdraget vårt som er å yte profesjonell støtte, sikkerheit og service til Noregs regjering og departement
Vi jobbar for at demokratiet i Noreg skal fungere best mogeleg.
Vårt oppdrag er unikt. Vi er til stade midt i hjartet av styringa av Noreg, og jobbar kvar dag, frå mange ulike ståstader i DSS, for at demokratiet i Noreg skal fungere best mogeleg.
Gjennom vårt arbeid legg vi til rette for at regjeringa, så vel som tilsette i departementsfellesskapet, til kvar tid skal ha gode, effektive og sikre arbeidsvilkår og eit tenestetilbod på eit høgt nivå.
Instruks fra Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
I hovudinstruksen for DSS står det blant anna:
- DSS skal levere kostnadseffektive administrative tenester til departementa og Statsministerens kontor (SMK)
- Tenesteleveransene er delt opp i fire hovudområder – vakt og resepsjonstenester, HR-tenester, digitale tenester og fasilitetstenester (inkl. anskaffelsestenester) – og regulerast ut frå tenestebeskrivelsar
- Tenestene skal leverast med rett kvalitet, til rett tid og DSS skal gi råd til KDD om utviklinga av tenestene
- Hovudoppgåva er å organisere eit breidtt og velfungerande tenestetilbod til departementa og SMK, samt ivareta kundeinvolvering gjennom tenestefora, jf. styrings- og beslutningsmodell for fellestenester i departementsfellesskapet
DSS organisasjon og avdelingar
DSS utviklar tenester for framtidig regjeringskvartal
DSS skal utvikle og etablere tenester som dekkjer departementas behov, etter oppdrag frå DFD.
DFD sin strategi for effektive administrative tenester i departementsfellesskapet: «Gode kvar for oss. Best saman.» (2021–2025) er sentral for våre vegvalg.
DSS sin strategi
Nytt regjeringskvartal vil drive fram endringar, og som leverandør skal vi utforske mogelegheitene som ligg i samlinga av departementa. DSS skal som hovudleverandør av fellestenester til departementa sørge for at våre kundar til kvar tid får relevante og framtidsretta tenester.
Mål fram mot 2025: Departementa mottar effektive fellestenester med rett kvalitet
Våre tre strategiske satsingsområder:
- Digitalisering. DSS skal utforske og ta i bruk digitale løysingar og ny teknologi i tenesteproduksjonen.
- Standardisering. DSS skal levere like løysingar til like oppgåver.
- Samarbeid. DSS skal styrke samarbeidet.
DSS si historie
DSS står i ein lang tradisjon med å levere og utvikle fellestenester til departementsfellesskapet.
Det har vore leveranse av fellestenester i departementssystemet sidan byrjinga av forrige århundre. I 1979 kom første organisering gjennom ei samanslåing av fellestenestene, ved at blant anna Statens Trykningskontor og Regjeringens Kontorkasse vart skilt ut som eigen organisasjon; Forvaltningstjenestene (Ft). I 1982 ble Statens innkjøpssentral innlemma.
Fra 1992 fikk denne organisasjonen navnet Statens forvaltningstjeneste(Ft) Ft leverte tenester til heile statsforvaltninga.
I 2006 endra verksemda innretning til kun å levere tenester til departementsfellesskapet. Verksemda fekk namnet Departementenes servicesenter.
Fra 2014 er navnet Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon(DSS).