Seniorrådgivar Avdeling for verksemdstyring, anskaffingar og omsetjingar (VAO)
Kva slags bakgrunn har du?
Heime for meg er alltid Fosnavåg på Sunnmøre, og litt Bergen som eg budde ti år i før eg flytta til Oslo midt under pandemien, i 2020. Før eg starta med offentlege kjøp i DSS, gjorde eg det same i Statnett. Elles har eg jobba i Skatteetaten, Sbanken og DNB innan ulike fagområde som privatskatt, anti-kvitvasking og kredittvurderingar. Eg har master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen, og bachelor i økonomi og leiing frå det som då var Høgskulen i Bergen.
Korleis ser ein vanleg dag på jobben ut for deg?
Seksjonen eg jobbar i, ANO, er no breitt samansett av fire kontor som grovt sett driv høvesvis med anskaffing for DSS (og dermed departementa), rådgjeving når departementa gjer anskaffingane sjølve, omsetting av utsegner o.l. frå departementa, SMK og Slottet til engelsk, samt omsetting av EU-rett frå ulike språk til norsk. Eg høyrer til kontor nr. to i lista her, og gir råd til departementa når dei gjennomfører ei anskaffing sjølve.
Reint praktisk inneber dette å få telefonar, e-postar og (aller helst) sakar gjennom 40000(brukarsenter), ta ein slurk kaffi og svare på disse med omsyn til avtalen som ev. er inngått, kontraktsdokumenta, lov og forskrift, samt meir praktiske reelle omsyn. Dei aller fleste spørsmåla eg får relaterer seg til konkurransedokumenta, og korleis disse skal vere, hovudsakeleg iht. anskaffingsforskrifta. I løpet av dagen møter eg ulike departementstilsette enten på teams eller på visitt hos departementa rundt om i sentrum.
Vi sit i ope landskap, og kan derfor enkelt diskutere spørsmål kjapt og uformelt. Dette passer med tenesta vi tilbyr og meg som person veldig fint.
Vi har heldigvis også ei leiing i seksjonen og kontora våre som er opptekne av å markere dei viktige hendingane i årshjulet vårt – som Halloween, jul og påske, med ikkje-ubetydelege mengder pynt i lokalet. Dette er noko eg trur dei fleste set pris på, noko som gjer det enda kjekkare å kome på kontoret, og at vi enda oftare møter kvarandre med eit smil.
Kva synest du er det beste med jobben din?
Noko av det beste med jobben er å møte så mange dyktige og engasjerte folk som også att på til er takknemlege for den tenesta dei får. Eg har veldig stor fridom i styringa av jobbdagen og korleis eg vel å løyse oppgåvene.
I tillegg er eg, saman med mi gode venninne, Julia, hovudansvarlege for det sosiale i seksjonen, og kan sørge for at arrangementa alltid passer kalenderen vår, hehe.
Korleis er DSS som arbeidsplass?
Effektivisering, og å samle ressursar til eit miljø med sterk og spissa kompetanse som ein kan støtte seg på, identifiserer eg meg veldig med. Dette er jo heile formålet med DSS, er det ikkje? Den merksame lesaren vil nok også fått inntrykk av at leiinga hos oss i ANO og DSS er god, og at dei tek leiingsoppgåva alvorleg. Det er ein enkel plass å trivast.