Fasilitetstenester

XXX

Nytt regjeringskvartal

DSS er ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utforma og etter kvart byggja nytt regjeringskvartal. DSS deltar i prosjektet og utredningar knytta til dette arbeidet, og samarbeider tett med Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Statsbygg.

Les meir om regjeringskvartalet på regjeringa.no.

DSS har felles post- og varemottak for departementa og sørgjer for sikkerheitskontroll og vidare distribuering i og utanfor regjeringskvartalet.

Vi sørgjer for lagring og utsending av departementas publikasjonar.

DSS har ansvar for reinhaldstenesta som sørgjer for eit moderne og miljøvenleg reinhald for departementa og regjeringas representasjonsanlegg med statsministerbolig.

Vi har også eit digitalt trykkeri som raskt leverer produkt til alle føremål og arrangement.

Bibliotek

Biblioteket til departementa er eit bibliotek for verksemdene i regjeringskvartalet. Fellesbiblioteket tilbyr kompetanse innan søk etter og formidling av informasjon, rettleiing og opplæring i bruk av ressursane som finst i biblioteket, – både dei digitale og dei analoge.

Sentralbord

Statens servicesenter i Engerdal leverer sentralbord til regjeringskvartalet og ei lang rekkje statlege verksemder.

Anskaffing

DSS organiserer departementas innkjøpsteneste, som tilbyr juridisk bistand og rådgjeving i forbindelse med offentlege anskaffingar. Innkjøpstenesta skal bidra til å effektivisere og modernisere anskaffingsprosessane i departementa gjennom rådgjeving, rettleiing og kompetanseutvikling.

DSS publiserer alle konkurransegrunnlag på Doffin.no.