DSS utviklar og leverer sikre og effektive tenester for regjeringa og departementa.
Vår samla kunnskap om behova til departementa gjer oss unike i å levere og utvikle sikre og effektive tenester.
Kundane våre er hovudsakleg Statsministerens kontor og departementa. Vi utfører også fellestenester for Høgsterett, Regjeringsadvokaten, NORAD og Stortinget.
I tillegg betener DSS eksterne kundegrupper gjennom Statens servicesenter i Engerdal.
Fasilitetstenester
DSS leverer ei lang rekkje fasilitetstenester til departementsfellesskapet.
- Arealforvaltning
- Lager, post og distribusjon
- Miljø
- Reinhald
- Trykkeri
DSS har felles post- og varemottak for departementa og sørgjer for sikkerheitskontroll og vidare distribuering i og utanfor regjeringskvartalet.
Vi sørgjer for lagring og utsending av departementas publikasjonar.
DSS har ansvar for reinhaldstenesta som sørgjer for eit moderne og miljøvenleg reinhald for departementa og regjeringas representasjonsanlegg med statsministerbolig.
Vi har også eit digitalt trykkeri som raskt leverer produkt til alle føremål og arrangement.
DSS er ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utforme og etter kvart byggje nytt regjeringskvartal. DSS deltar i prosjektet og utredningar knytta til dette arbeidet, og samarbeider tett med Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Statsbygg.
Biblioteket til departementa er eit bibliotek for verksemdene i regjeringskvartalet. Fellesbiblioteket tilbyr kompetanse innan søk etter og formidling av informasjon, rettleiing og opplæring i bruk av ressursane som finst i biblioteket, – både dei digitale og dei analoge.
Statens servicesenter i Engerdal leverer sentralbord til regjeringskvartalet og ei lang rekkje statlege verksemder. Les meir om SSiE.
DSS organiserer departementa si innkjøpsteneste, som tilbyr prosessleiing, juridisk bistand og rådgjeving i samband med offentlege innkjøp. Vi inngår også fellesavtalar for departementsfellesskapet. Gjennom rådgjeving og kompetanseutvikling skal innkjøpstenesta bidra til at departementa sine innkjøpsprosessar er effektive og etterlever innkjøpsregelverket, i tillegg til å sikre at innkjøpa ivaretek departementa sitt samfunnsansvar og at det samla klimaavtrykket og miljøbelastninga i innkjøpa vert redusert.
DSS leverer omsetjingar av EU-regelverk og Schengenregelverk til departementa, og utfører omsetjingsoppdrag for Utanriksdepartementet og Statsministerens kontor.
HR-tenester
HR jobbar med DSS sine menneskelege ressursar og har ansvar for heile spekteret av HR-tenester for DSS. Vi leverer også fellestenester innan kompetanseutvikling, rekruttering og statistikk for departementsfelleskapet.
Våre felles leveransar skal sikre interessene til både verksemda, leiarane og medarbeidarane.
Vi bistår departementa med å rekruttere departementsrådar, ekspedisjonssjefar og andre leiarar som rapporterer til departementsråd, samt øvste leiar i underliggjande verksemder der departementa har ansvar for rekrutteringa. Vi sørgjer for optimalt søkartilfang, kvalitet i prosess, riktige kandidatvurderingar og gode kandidatopplevingar.
Departementsakademiet skal prioritere kompetansetilbod i grensesnittet mellom fag og politikk, og fremje samordning og tverrsektorielt samarbeid. Departementsakademiet tilbyr ei rekkje kurs og program for å styrkje kompetansen og kvaliteten i oppgåveløysinga i departementa. Fellesdepartemental og departementsspesifikk kompetanseutvikling, i grensesnittet mellom fag og politikk, blir vektlagt. Ei rekkje kurs og program blir tilbydde.
Rekrutteringstenesta bistår leiarar i rekrutteringsprosessar frå A til Å. Vi tilbyr rådgjeving og prosess-støtte til leiarar i departementa, Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og DSS. Vi bistår i alle stillingar frå junior- til avdelingsdirektørnivå.
Kandidattesting med personlegdomstestar og evnetestar er ein del av tenestene vi leverer.
Målet vårt er å sikre ein effektiv og profesjonell rekrutteringsprosess som tiltrekkjer seg dei beste kandidatane og som sikrar at jobbsøkjarar får ei positiv oppleving. Vi leverer også kurs som dekkjer heile rekrutteringsprosessen frå A til Å, og gir leiarar dei verktøya dei treng for å lukkast. Vi har ansvar for anskaffing av system og leverandørar som støttar rekrutteringsprosessen. Vi koordinerer departementa si deltaking på karrieredagar for å tiltrekkje oss talentfulle og engasjerte kandidatar, samt at vi leier rekrutteringsnettverket for tilsette i departementsfellesskapet og DSS, og fremjar samarbeid og deling av beste praksis.
DSS leverer statistikktenester til departementsfellesskapet, blant anna lønnsstatistikk, turnoverstatistikk med fleire. DSS leverer HR-handbøker til departementa.
Kompetansetenesten i DSS leverer løpande kurs, både fysiske klasseromskurs og digitalt, til støtte for ulik type saksbehandling. Kurs, også e-læringskurs, blir tilbydde i ei læringsplattform. Departementa kan bestille skreddarsydde kurs etter behov, bestille rådgjeving for å utvikle kurs, og få hjelp til å leggje ut kurs i læringsplattformen. Kompetansetenesten leverer også opplæring og kommunikasjon i samband med overgangen til nytt regjeringskvartal. Opplæringa er knytt til bruk av nye tenester og bruk av aktivitetsbasert arbeidskonsept. Rammeverk og verktøy for strategisk kompetansestyring er også ein del av tenestetilbodet.
Bedriftshelsetenesta (BHT) bistår leiinga, dei tilsette, arbeidsmiljøutvalet og verneomboda i deira arbeid for å skape sunne og tryggje arbeidsforhold med sin arbeidsmiljø- og helsefaglege kompetanse. BHT er eit tverrfagleg team beståande av psykologar, sjukepleiar, fysioterapeutar og helsesekretær. I tillegg har BHT rammeavtale med eksterne psykologar, bedriftslege og yrkeshygienikar.
DSS ivaretek design- og publiseringsrådgjeving til departementa. Det blir gitt rådgjeving innan heilskapleg visuell kommunikasjon, publisering og bruk av departementa sine felles publiseringsmalar. Tenesta gir informasjon om produkt og bruk av fellesavtalar for publisering.
DSS sine tryggingstenester
Departementa sin tryggings- og serviceorganisasjon (DSS) har som hovudoppgåve å ivareta tryggleik og service for departementa. DSS skal, i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD), setje i verk konkrete tiltak for å oppretthalde eit forsvarleg tryggleiksnivå.
Som primær tenesteleverandør har DSS det tekniske og operative ansvaret for gjennomføringa av tiltaka, som mellom anna omfattar perimeter-, skal- og sonesikringstiltak. Tiltaka skal overvåkast og kontrollerast døgnet rundt via vaktsentralen, trafikkontrollsentralen*, eksternt post- og varemottak(frå 2025), samt resepsjonane. Gjennom vaktoperativt personell sikrast rask respons, effektiv overvaking og proaktiv handtering av hendingar.
DSS har òg ei sentral rolle i utviklinga av heilskaplege tryggingsløysingar for det nye regjeringskvartalet, inkludert integrering av tekniske sikringssystem, operativ tryggleik, besøksbehandling og trygg logistikk.
DSS sine tryggingstenester består mellom anna av:
- Resepsjons- og besøksstenester.
- Stadlege og mobile vakttenester.
- Person-, bagasje- og køyretøykontroll.
- Vaktsentral- og trafikkontrolltenester.
- Tekniske- og elektroniske sikringssystem.
- Sikringsanalyse og beredskapsplanverk.
- Hendingarshandtering.
- Utferding av tilsettkort og tilgangskontroll.