Frå 19. august 2024 har DSS utvida tenesteporteføljen sin ved å overta ansvaret for omsetjingstenestene frå Utanriksdepartementet.
«DSS er stolte av å kunne tilby desse viktige tenestene og ser fram til å fortsetje å støtte departementsfellesskapet med høg kvalitet også på dette området», seier direktør i DSS Torgeir Strøm.
Endringa inneber overføring av to einingar: Kontor for omsetjingstenester og Kontor for EØS-omsetjingar: Begge einingane har spesialistar med høg språkfagleg kompetanse og brei omsetjingsbakgrunn.
Totalt er det overført 19 årsverk.
Tenestene er innlemma i Avdeling for verksemdstyring, anskaffingar og omsetjingar (VAO) i DSS og inngår som to organisasjonseiningar.
Kontor for omsetjingstenester
Kontor for omsetjingstenester leverer fleire ulike språktenester, i første rekkje omsetjingar mellom norsk og engelsk og mellom bokmål og nynorsk, av mellom anna
- pressemeldingar
- handlingsplanar
- brev
- taler
- strategiar
- nettsaker
- nettsider
For andre språkkombinasjonar vert frilansomsetjarar nytta. Bestillarane, medrekna tekstforfattarane, kjem frå alle avdelingar i Utanriksdepartementet (UD), Statsministerens kontor og i enkelte tilfelle Slottet. Tenesta leverer òg språkvask, som er ein tospråkleg gjennomgang der målteksten vert lesen opp mot originalen. I tillegg tilbyr tenesta
- språkfagleg rådgjeving
- hjelp med konsekvent bruk av det same omgrepet innanfor ulike fagområde og administrative prosessar i forvaltinga
- hjelp med fastsetjing av namn på norske institusjonar og stillingsnemningar på framandspråk
- prosjektleiing ved organisering av større omsetjingsoppdrag og fleirspråklege prosjekt
Kontor for EØS-omsetjingar
Tenesta arbeider hovudsakleg med omsetjing av juridiske tekstar innanfor EØS-retten til norsk. Oppdragsgjevaren er UD. I tillegg omset kontoret Schengen-regelverk på oppdrag frå Justisdepartementet. Omsetjingar innanfor EØS-retten er forankra i artikkel 129 i EØS-avtalen:
«… det skal utarbeides tekster på islandsk og norsk som skal gis samme gyldighet og kunngjøres i EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende.»
Over 30 prosent av alle norske lover er vortne vedtekne eller endra som følgje av tilpassingar til EU-retten. Dei siste åra har det vorte innlemma i overkant av 600 rettsakter per år, noko som betyr at tenesta omset rundt 7–8000 sider med regelverk årleg.