IKT-tenestene i Departementa sin tryggings- og serviceorganisasjon (DSS) vert overførte til ny etat frå 1.1. 2025.

""

IKT-tenestene vert overførte til Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO), frå 1.1. 2025.

Den nye etaten vil få ansvaret for å levere ei felles funksjonell, trygg og moderne IKT-løysing til regjeringsapparatet. Etaten vert etablert ved ei overføring av IKT-miljøa i Departementa sin tryggings- og serviceorganisasjon, Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Utanriksdepartementet (UD).

Direktør i DSS, Torgeir Swensson Strøm, seier at DSS ser fram til eit tett og godt samarbeid med DIO:

– Frå vårt ståstad vil vi gjere vårt beste for å støtte etableringa av den nye etaten. I det vidare ser vi fram til samarbeidet. Vi ser samarbeid som eit suksesskriterium for at våre felles organisasjonar skal lukkast med både ei framtidsretta utvikling og drift av dei samla fellestenestene til departementsfellesskapet.