Velkommen som søkjar til DSS!
Vi annonserer ledige stillingar på nettsida vår dss.dep.no, i tillegg på jobbnorge.no, finn.no og andre relevante nettstader.
Om du vil søkje på ein av stillingane våre må du sende søknaden elektronisk via DSS sin jobbportal jobbnorge.no.
Nedanfor finn du informasjon om rekrutteringsprosessen i DSS.
Dersom du blir invitert til intervju, vil du bli kontakta på telefon, og du får meir informasjon om korleis intervjuet vil bli gjennomført, og kva du treng å forberede deg på.
I intervjua møter du vanlegvis den som vil bli din næraste leiar, og eventuelt ein fagperson frå avdelinga. I tillegg deltar som regel ein representant fra fagforeiningane, og ein rekrutteringskonsulent frå vår eigen rekrutteringsteneste.
Det vert som hovudregel gjennomført to intervjurundar, og vi brukar personlegdoms- og evnetester i mange av våre prosessar. Vi benyttar MAP personlegdomstest og Matrigma evnetest frå Assessio. For nokre stillingar benytter vi også arbeidsprøvar og case, som for eksempel ei skriftleg oppgåve som er relevant for stillinga.
Det er viktig å presisere at testane er ein av fleire metodar som vi benyttar i rekrutteringsprosessen og vi tar ikkje ei avgjerd basert på testresultater åleine, dei inngår i ei heilskapsvurdering av kandidatar opp mot krava i stillinga vi søkjer til.
DSS vil i nokre tilfelle foreta ein bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekk utførast etter samtykke, og det betyr at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i forbindelse med tilsetjinga.
Vi gjennomfører referansesjekk før eventuell tilsetjing. Stillingskrava vil være grunnlag for kva slags referansar som er mest aktuelle, men normalt vil du bli bedt om minst to referansar der ein av dei bør være ein leiar.
Etter at intervju er gjennomført og referansar er innhenta blir det utarbeida ei innstilling med ein begrunna rangering av kandidatane som blir innstilt til stillinga. Den formelle beslutningsmyndigheita ligg hos ansettelsesrådet i DSS, som består av representantar frå leiinga og dei ansatte. Hvis ansettelsesrådet er ueinige i kva for søkjarar som er innstilt kan dei be leiar om ein skriftleg uttalelse på andre søkjarar enn dei som er innstilt. Dei kan også være ueinige i ansettelsesrekkefølgen. I begge tilfeller blir beslutninga om tilsetjing (tilsetjingsvedtaket) avgjort ved fleirtallsbeslutning.
Etter beslutning om tilsetjing, blir den aktuelle kandidaten kontakta. Kandidaten mottar eit tilbdsbrev med opplysningar om løn og øvrige tilsetjingsvilkår. Vi vil vanlegvis be om svar innan ei veke. Arbeidsavtalen blir tilsendt når tiltredelsesdato er avklart. Alle øvrige søkjarar vil få e-post om utfallet i tilsetjingssaka når stillinga er besatt.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysning.
Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilretteleggjing kan til dømes vere tekniske hjelpemidlar, tilpasning av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller med innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positiv særbehandling, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege virksomheter rapporterer i sine årsrapportar.
Personell som skal gis direkte tilgang til sikkerhetsgradert informasjon skal på førehand vere autorisert for angitt nivå. Er det behov for autorisasjon på nivå KONFIDENSIELT eller høgare, skal vedkommande i tillegg være sikkerhetsklarert. For meir informasjon, sjå Nasjonal sikkerhetsmyndighet sine nettsider.
Offentleglova bestemmer at det skal settast opp ei søkjarliste så snart søknadsfristen har gått ut.
Offentleg søkjarliste inneheld navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Våre offentlege søkjarlister blir ikkje publiserte på postliste men gis ut på førespurnad.