Vi tilbyr

DSS er ei verksemd som utfører spanande samfunnsnyttige oppgåver, og vi er til stade midt i hjartet av styringa av Norge.

I DSS er det eit godt arbeidsmiljø, du får gode kollegaer og utviklingsmoglegheitar.

Ansattgoder som statleg tilsett

Hos oss kan du kombinere desse viktige oppgåvene med eit liv utanfor arbeidet. Vi legg til rette for at du kan ha ein sunn balanse mellom jobb og fritid. Vi legg også til rette for at du skal kunne lære og utvikle deg i jobben.

Som statlege tilsette har vi mange goder:

Medarbeidarutvikling

Som medarbeidar i DSS er du på jobb for departementa og SMK. Du får benytte din fagkompetanse, og i samarbeid med dyktige kollegaer og leiarar bidrar du til at departementa og DSS når sine mål. Vi leggjer til rette for at du skal få utvikle deg både fagleg og personleg. Den viktigaste medarbeidarutviklinga føregår i møte og i samarbeid med kollegaer og gjennom den daglege oppgåveløysinga. Gode kollegaer og eit godt og inspirerande arbeids- og læringsmiljø er viktig for vår trivsel og utvikling.