Opprettet ved kongelig resolusjon nr. 182 av 2. mars 1979. Utvalget ble reorganisert februar 1981.
Mandat for Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi:
I
Det blir oppnemnt eit berekningsutval til fagleg vurdering av data som gjeld økonomien i kommunane og fylkeskommunane. Utvalet skal leggje fram det best moglege bakgrunnsmaterialet, med sikte på å kome fram til ei felles forståing av den økonomiske situasjonen i kommunesektoren.
Bakgrunnsmaterialet bør innehalde ei oversikt over dei tilhøve utvalet meiner er viktige for vurderinga av økonomien i kommunar og fylkeskommunar, og ei vurdering av desse tilhøva, av utviklingstendensane og utsiktene for kommuneøkonomien framover. Vurderingane bør gjelde både kommunane og fylkeskommunane sett under eitt og så langt råd er og gjeva oversyn over variasjonane mellom dei ulike kommunar og fylkeskommunar. Det er også ønskeleg at utvalet viser nivå og utvikling i den kommunale og fylkeskommunale tenesteytinga. Til konsultasjonsordninga mellom stat og kommune, og i forkant av regjeringa sine budsjettkonferansar, bes utvalet årleg utarbeide eit notat om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren, og eit notat om kommunesektoren sine utgifter frå den demografiske utviklinga. Elles er det opp til utvalet korleis dei ønsker å leggje fram resultata frå arbeidet i utvalet.
Så langt utvalet finn det forsvarleg, kan det sjølv ta opp særskilde problemstillingar.
Utvalet kan arrangere opne fagseminar.
Utgreiingane frå utvalet skal avgjevast til Kommunal- og distriktsdepartementet.
II
Utvalet skal vere breitt samansett med representantar frå både stat og kommunal sektor. Oppnemninga gjeld inntil vidare, men ikkje ut over 3 år. Kommunal- og distriktsdepartementet har fullmakt til å løyse medlem frå vervet og til å oppnemne nye medlem.
III
Kommunal- og distriktsdepartementet har fullmakt til å gje nærare retningsliner for arbeidet i utvalet innanfor rammene av mandatet.
IV
Kommunal- og distriktsdepartementet leiar sekretariatsarbeidet for utvalet.