Innspill – retten til å ha med pårørende i behandlingsmøter

Retten til å ha med pårørande som støtte i behandlingsmøter, 3-1, femte ledd, må gjelde for psykiatriske pasientar også. Det er framleis gammeldagse haldningar i psykiatrien som seier at psykiske sjuke pasientar ikkje veit sitt eige beste, og at pårørande er ein del av problemet, så dei må haldast på avstand, og pasienten må bli sjølvstendig. Dei blir ikkje oppmoda om å ta med ein venn eller familiemedlem. Til og med dersom dei sjølv ytrar ønske om å ha med støtte, blir dei overprøvd og “motivert” til å klare seg sjølv. Psykiatriske pasientar burde fått ein eigen spesifisert rett til støtte, som ikkje kan overprøvast med ein “fagleg vurdering” – som verken er fagleg, begrunna eller dokumentert, men likevel blir lagt til grunn som ein rettsleg premiss. Personar i psykiatrien med kognitiv svikt, psykose, autismespekter, tunge medisinar, tvangsvedtak – dei får ikkje ivaretatt retten sin til støtte frå pårørande, og det er systematisk og kamuflert som “faglege vurderingar” om sjølvstendiggjering. I eit brev frå foretaksjuristen stod det: “Behandlar gjorde ei fagleg vurdering av at det ikkje er bra å vere for mange i møter når pasienten har Asperger.” Og så sa han: “Når ein behandlar har gjort ei fagleg vurdering, så er alt i orden, det kan du stole på”. Så pasienten sitt uttrykte eige ønskje om å ha med støtte, og den lovfesta retten hans til å bli imøtekommen på dette, vart avfeid med ein generell antakelse om at “fire personar blir for mange, la oss fjerne den eine personen han uttrykkeleg sa han ville ha med” – Det er vår families erfaring at pasientar innan psykisk helsevern i praksis er rettslause, også i forhold til pasient- og brukarettigheitslova. Frustrert, men venleg helsing, Kjerstin

Vedlegg: .