Innspill fra Haldor Hove
Tema: Statleg (statsforvalter Vestland) tolking av lovverk som reduserer kommunalt handlingsrom
Bakgrunn:
Kommunane opplever i aukande grad at statlege fagorgan og statsforvaltarar tolkar lovverket på ein måte som i praksis tek frå kommunane sjølvstyre og fleksibilitet, utan at Stortinget har endra sjølve lova.
Eit aktuelt døme er Statsforvaltaren i Vestland si avgjerd 23.10.2025 (sak 2025/6293), der Sveio kommune sitt vedtak om salsløyve for alkohol i ein fjernbetent butikk blei oppheva. Kommunen hadde fatta vedtak i tråd med alkohollova og lokale alkoholpolitiske retningslinjer.
Statsforvaltaren la likevel Helsedirektoratet si tolking til grunn – ei tolking som byggjer på direktoratet sine brev frå 2019 og 2021, ikkje på sjølve lovteksten eller forskrift.
Problemet:
• Helsedirektoratet tolkar lova slik at fysisk tilstadesperson er eit krav ved sal av alkohol, sjølv om dette ikkje står i alkohollova.
• Statsforvaltaren behandlar denne tolkinga som bindande rett, og opphevar kommunale vedtak på grunnlag av den.
• Dette gjer at kommunane i praksis mister høvet til å prøve ut nye løysingar (som fjernbetente butikkar) sjølv om desse ligg innanfor lovas ordlyd.
Hovudspørsmål for Kommunekommisjonen:
1. Korleis kan ein hindre at statlege direktoratsbrev blir praktisert som bindande lovverk?
2. Korleis kan kommunane få att eit reelt handlingsrom innanfor lovverket?
3. Kva kontrollmekanismar bør finnast når statsforvaltarar gjer lovtolkingar som går utover lovas ordlyd?
Forslag til merknad:
Kommunekommisjonen bør peike på at tolkingar frå fagdirektorat og statsforvaltarar ikkje kan erstatte demokratiske lovvedtak. Dersom lovverket ikkje eksplisitt forbyr ei kommunal løysing, bør kommunen ha handlingsrom til å prøve den innanfor formålet med lova.
Dette er sterkt provoserande all den tid at både lokalt styre og næringsliv har fått forståelse og rammer gitt (fulgt lovkrav) og også investert mykje pengar i slike løysingar som òg skal være sikre (fjernbetjent).
Mvh Haldor Hove
Stryn -Politikar
Vedlegg: .