Innspill

Innspill fra Sissel Høiberg

Høyringssvar frå Utdanningsforbundet Lom
Ei viktig sak for medlemmar i Utdanningsforbundet har lenge vore at vi har ei minstenorm for lærarar i skulane. Denne vart innført i 2018, med mål om å:
• sikre alle elevar tilgang til kvalifiserte lærarar, uavhengig av kvar i landet dei bur, for å gje eit forsvarleg opplæringstilbod.
• redusere ulikskapar i klasseromma ved å garantere eit minimumsnivå av kvalitet og ressursar over heile landet.
• tilføre fleire lærarar til skulane.
Nasjonalt har norma gjeve 2500 fleire lærarstillingar. Men no har kommunekommisjonen lagt fram den fyrste delinnstillinga si i NOU 1:2026. Der blir det føreslått at lærarnorma skal avviklast, og eit mindretal føreslår at ho skal endrast og leggjast på kommunenivå. Desse framlegga gjer medlemmane i Utdanningsforbundet urolege.
Å fjerne lærarnorma, eller leggje ho på kommunenivå, vil gje oss færre lærarar og dårlegare moglegheiter for å følgje opp alle elevane. Vi går då attende til det som var utgangspunktet for at norma vart nødvendig og vedteken i 2018. Som lærarar i Lom kommune – ein kommune der eldrebølgja allereie gjeld – fryktar vi færre lærarar. Vi fryktar også kva dette vil gjere med attraktiviteten til yrket, og ikkje minst moglegheita for å rekruttere og/eller halde på nyutdanna lærarar ute i distriktskommunar som vår. Ein kommune som treng at yngre tek høgare utdanning og har ein jobb å flytte heim til. I tillegg ser vi at det å ha god nok bemanning er god fråværsførebygging. Allereie no har vi altfor mange lærarar som arbeider utanfor barnehage- og skulesektoren, derfor må vi ikkje gjere dette meiningsfulle og viktige yrket mindre attraktivt!
Å sjå styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, feire med kake då rapporten vart kjend, er provoserande. «Lærernormen hindrer kommunene å styre ressursene dit behovet er størst. Ulike skoler kan ha forskjellige utfordringer og behov. Derfor er det riktig å endre den slik at vi kan sette inn flere lærere for elever og klasser som har størst behov for dem», uttalte Helgesen etter at Kommunekommisjonen hadde lagt fram rapporten (KS feirer forslag om å skrote lærernormen). Dette er feil: Lærarnorma SIKRAR at alle barn og unge i skulane i Lom og resten av landet skal ha eit MINIMUM antal KVALIFISERTE lærarar som gjev undervisning og opplæring. Alle kommunar kan setje inn så mykje ressursar dei vil der behova tilseier det. Dei kan setje inn så mange fleire lærarar, fagarbeidarar, miljøterapeutar, vernepleiarar osv. som er nødvendig for ulike elevar og klassar sine behov. Lærarnorma hindrar ikkje kommunane i å styre ressursane dit behovet er størst, ho beskriv ikkje eit maksimum – ho sikrar derimot eit minimum!
Utdanningsforbundet Lom forventar at lærarnorma ikkje blir fjerna. Å oppretthalde lærarnorma på skulenivå bidreg til at elevar får nødvendig oppfølging og tilpassa opplæring, noko som er avgjerande for læring og trivsel.

Venleg helsing Utdanningsforbundet Lom ved leiar Sissel Høiberg

Vedlegg: Høyringssvar lærarnorma.pdf