Innspill fra Sveinung Seljås
Kommunane må få lovheimel til å kunne fakturere, opp til sjølvkost, tenesta for drift og vedlikehald av kommunal veg til oppsitjarar/eigedomar knytt til slike vegar.
Det er ulogisk at denne tenesta skal vere gratis, og beslaglegge 1-3 % av brutto kommunebudsjett, og utan at tenesta er lovpålagt. Gebyrpraksis for tenesta må kunne byggast opp tilsvarande dei alt gebyrlagte kommunale tenestene som vatn, avløp, renovasjon og feiing.
Lovheimel til å ta inn ei slik avgift/eit slikt gebyr, vil kunne gi kommunen ekstra fridom til ei sterkare prioritering av lovpålagte oppgåver, og samstundes vil det kunne rette opp i mange tilfelle av årelang tilfeldig ulikebehandling mellom dei som har kommunal veg (gratis) og dei som har privat veg (for fleire årlege utgifter over kr 10 000).
Dette temaet har eg også omtala i eit innlegg i Kommunal Rappoet (veke 23, 2025), og som eg legg ved her.
Mvh
Sveinung Seljås
-nå pensjonist, men med 20 års fartstid som plansjef i kommunane Kviteseid og Nissedal, og medlem av kommunestyret i Åmli kommune i seks periodar.