Etikkrådet tilrår å utelukke Li Ning Co Ltd (Li-Ning) frå Statens pensjonsfond utland på grunn av ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til alvorlege menneskerettsbrot i Xinjiang, Kina.

Li-Ning er eit kinesisk selskap som produserer og sel sportsklede og -utstyr. Informasjon som er publisert på kinesiske nettsider, tilseier at selskapet i 2017 inngjekk ein samarbeidsavtale med ein leverandør som hadde produksjon i ein interneringsleir i Xinjiang. Leverandøren skal også ha motteke arbeidarar gjennom statlege program retta mot etniske minoritetar. Li-Ning er i tillegg knytt til menneskerettsbrot i Xinjiang gjennom andre leverandørar.

Det er mange nyheitsoppslag og rapportar som beskriv pågåande menneskerettsbrot i Xinjiang. Det er derfor godt dokumentert at det å produsere i eller kjøpe bestemte produkt frå denne regionen, inkludert tekstilar og bomull, inneber ein særleg risiko for å verte involvert i tvangsarbeid.

Etikkrådet har ikkje informasjon som tilseier at Li-Ning har undersøkt eller adressert denne risikoen. Når selskapet heller ikkje svarar på rådet sine førespurnader, konkluderer rådet med at det er ein uakseptabel risiko for at selskapet medverkar til grove mennerettsbrot.

Etikkrådet gav si tilråding 30. september 2021. Norges Bank offentleggjorde si avgjerd om å utelukke selskapet 7. mars 2022.

Les Etikkrådets tilrådning her.