Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har sendt inn innspelet under til regjeringa si industrimelding. Arbeidet i Vestland byggjer, som omtala i innspelet, på industriell symbiose og sirkulær økonomi. Fylkeskommunen sender derfor innspelet også til ekspertgruppa for verkemidlar for sirkulære aktivitetar:

Viser til invitasjon til å gi innspel til stortingsmeldinga om industri.

Vestland er det største verdiskapingsfylket i Noreg, det største eksportfylket, det største kraftfylket, men òg det største utsleppsfylket.

Vestland har stor aktivitet i sentrale verdikjeder i industriutviklinga. 25 % av Noreg sin fornybare energi kjem frå Vestland. Vestland har industrielle knytepunkt med store satsingar for å ytterlegare redusere utsleppa, men fortsetja levere kritiske produkt som til dømes aluminium, silisium og titan. Fylket husar verdsleiande testfasilitetar, produksjonsanlegg, distribusjonsanlegg og kundar innanfor nye verdikjeder som hydrogen og ammoniakk og biogass. Gjennom sin vesentlege posisjon innanfor utstyrs- og tenesteleverandørar og produksjonsstøtte innanfor olje og gass står fylket midt oppe i den største omstillinga sidan 1970-talet. Mange aktørar har allereie starta omstillinga og slik er både verdikjedene for havvind og berekraftige marine løysingar viktige verdikjeder. Dei industrielle knytepunkta er òg hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunn i fylket.

Verdiskapinga innanfor eksportretta verdikjeder med høg grad av omstilling gjev Vestland ikkje berre ein moglegheit, men òg ei forplikting til å gå i bresjen for den grøne omstillinga. Dersom Vestland lukkast med å kutte klimagassutsleppa, skape nye grøne arbeidsplassar og auke eksporten, vil også Noreg lukkast med grøn omstilling.

Vestland fylke er også sentral i fire-partssamarbeidet Missions (nasjonal samhandlingsmodell). Rolla fylkeskommunene kan ta i oppfølginga av industrimeldinga, dreg dermed både nytte av og bidrar til dette.

Industriell symbiose med fleirbruk, sambruk og gjenbruk for berekraftig verdiskaping
Skal Norge og Vestland nå måla om utsleppskutt, auke i fastlandseksporten og fleire grøne arbeidsplassar, må me frikopla verdiskaping frå klimagassutslepp. Me går samstundes inn i ei periode med tydelegare knappheit på sentrale innsatsfaktorar som kraft, areal og anna infrastruktur, kapital og kompetanse. Me må fleirbruke, sambruke, og gjenbruke innsatsfaktorane om me skal nå måla våre.

Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge har derfor gått saman om prosjektet Grøn region Vestland. Med oss har vi også den regionale partnarskapen, Næringsforum Vestland, som styringsgruppe, med til dømes arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, verkemiddelapparat, utdanningsinstitusjonar og næringslivsrepresentantar.

300 innovasjonsprosjekt er identifisert. Desse inngår i Vestlandsporteføljen som no består av 19 hubbar med aktivitet innanfor industri, energiomstilling og marin-bio. Det grunnleggande prinsippet er industriell symbiose med fleirbruk, sambruk og gjenbruk av innsatsfaktorane og systematisk arbeid knytt til føresetnadene og interessentane rundt. Slik optimaliserer ein produksjonen innanfor og på tvers av nye, grøne verdikjeder for at bedriftene kan lukkast med å kutte kostnadene, redusere utsleppa og auke konkurranseevna i internasjonale marknader, og dermed skalere opp dei nye grøne verdikjedene.

Gjennom Grøn region Vestland samlar, analyserer og deler me erfaringar, gir tilgang på kompetanse og nettverk og set felles problemstillingar på agendaen.

Samarbeid mellom regjering, fylkeskommune og nasjonale og regionale aktørar er naudsynt
Industrimeldinga må legge til rette for at statlege føringar og verkemidlar bygger opp under utvikling og berekraftig skalering av verdikjedene og set inn tiltak for å redusere barrierane. I ei tid med høg grad av teknologisk utvikling, behov for omstilling og endringar i rammevilkår kjem nye faktorar fram undervegs, som krev at det blir gjort nye vurderingar. Løysingane må balansere behovet for langsiktige rammevilkår, med dynamikk og fleksibilitet for å møte nye rammevilkår. Her må Noreg bygge vidare på våre tradisjonar med samarbeid og dialog og sikre gode grunnlag for viktige politiske vegval.

At Grøn region Vestland er eigd og styrt av fylkeskommunen og Innovasjon Norge, med Næringsforum Vestland som styringsgruppe, gjer oss uavhengige av einskilde bedrifter og område sine utfordringar og interesser. Samstundes gjer dialog med og fokuset på konkrete hubbar, at ein kan legge grunnlaget for eit meir dynamisk og formålstenleg verkemiddelapparat.

Gjennom arbeidet i Grøn region Vestland har behovet for langsiktige rammevilkår og utfordringane knytt til barrierane kraft og nett, kompetanse, areal og infrastruktur og kapital blitt løfta fram.

Døme på konkrete tema som er viktige å løfte opp i industrimeldinga er:
-fleirbruk, sambruk og gjenbruk av areal og industribygningar som alternativ til nybygg og nedbygging av urørt natur
-fleirbruk og sambruk av energi gjennom grøne lagringsmedium som hydrogen og batteri, og bruk av restvarme for frigjering av elektronar i topplasttimar i nettet
politiske reguleringar og rammevilkår for berekraftig råvareproduksjon
-utvikling og spissing av verkemiddel retta mot konsortium av bedrifter for å bygge og dele kunnskap og kompetanse på industrielle symbiosar og oppskalering av nye grøne verdikjeder
-pilotering for å teste ut nye verkemiddel for grøn næringsutvikling
-fasilitering av prosessar for å skape synergi mellom ulike statlege og fylkeskommunale verkemiddel
-oppskalering av aktivitet på område med høg investeringsrisiko

Fylkeskommunen har her ei viktig rolle: Vi kjenner dei lokale forholda for å skape nye grøne verdikjeder og kan synleggjera moglege nasjonale og regionale grep og konsekvensen av endringar i rammevilkår og tiltak.

Konkrete roller fylkeskommunen kan ta er:
-Å la fylkeskommunane som sitt nær aktørane få ei tydelegare rolle i forvaltinga av fond og tilskotsordningar som støttar utvikling av ny grøn industri, irekna forskings- og innovasjonsarbeid.
-Forsterke fylkeskommunane sin rolle i kartlegging og utvikling av kritisk kompetanse i bedrifter og verdikjeder, der utvikling av ny kunnskap, kompetansedeling og -bygging i bedrifter og verdikjeder og studietilbod har komplementære roller.
-Vestland fylkeskommune med tilhøyrande prosjekt og samarbeidspartnarar stiller seg gjerne til disposisjon for utprøvingar og piloteringar av til dømes nye verkemiddel eller overføringar av oppgåver frå nasjonalt til regionalt nivå.

Innspel etter rundebordsmøter med Industrien i Vestland
Gjennom to rundebordsamtalar har dei 10 største industrielle knytepunkta i Vestland, regionale og nasjonale politikarar og arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar diskutert kritiske suksessfaktorar og barrierar for å lykkast med utsleppskutt og verdiskaping. Ved det fyrste rundebordsmøtet var klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til stades, og ved det andre både næringsminister Cecilie Myrseth og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Vestland er Norges største eksportfylke, men også fylket med høgast del utslepp. Dei industrielle knutepunkta leverer produkt med låge CO2-avtrykk samanlikna med resten av verda, men har likevel framleis store utslepp: 47 % av Vestland sine utslepp kjem frå industri, olje og gass i all hovudsak frå overnevnte. 22 % frå sjøfart. Utstyrs- og tenesteleverandørane er i høg grad retta inn mot olje og gass.

Klimapartnerskap med Industrien
Vi treng at Klimapartnarskapet med industrien svært raskt fyllast med innhald, der klimapolitikk, næringspolitikk, energipolitikk og finanspolitikk blir satt i samanheng og byggjer på fakta og dialog med alle partar. Vi treng rask handling og langsiktige rammevilkår med tverrpolitisk einigheit og like vilkår som dei marknadane norsk industri konkurrerer med. Til dømes bør å sikre tilgang på biokol, og omvendt prising av negative utslepp være ein del av dialogen.

CO₂- fond
Den norske CO₂-avgifta er klimapolitikk. Når avgifta skal trappes opp til 2000 kroner pr. tonn i 2030, gir det meir føreseielege vilkår for bedriftene sine investeringsplanar og bidreg til å gjere grøne løysingar lønsame. Innan 2030 vil CO₂-avgifta gi staten inntekter på rundt 180 milliardar kroner. Industrien meiner politikken bør vere i samsvar med tilsvarande ordning i EU. Ein bør opprette eit CO2-fond med tilbakeføring av deler av midlane frå CO2-avgifta som finansiering av klimatiltak.

Frikvoter
Gjennom klimakvotesystemet får bedrifter tillating til å sleppe ut ei viss mengde klimagassar. For kvart år reduserast den samla mengda kvoter. Definerte verksemder får tildelt kvoter vederlagsfritt (frikvoter). I tillegg er det sal av kvotar. Ved meir enn 15 % endring i utslepp, får bedriftene i dag endra tildeling i frikvoter. Dette gir eit disinsentiv for å gjera store kutt i utslepp. Det bør derfor jobbast for ei endring, slik at det er produksjonsendring og ikkje utsleppsendring som ligg til grunn for slik avkorting.

Kraft, energi og nett
Det må vere ein nasjonal konsensus om behovet for auka produksjon frå alle fornybare energikjelder og energieffektivisering, samstundes som vi tek vare på naturmangfaldet og urørt natur. Det er viktig å forsere konsesjonshandsaminga der det er mogleg, for utbygging av nett og infrastruktur som sikrar nok energi der det trengst, og for meir fornybar energiproduksjon i område med lite konfliktar.

Regjeringa og Statnett legg til grunn at det skal være mognad og gjennomføringsevne som skal være hovudkriterium ved tildeling av kraft. Det betyr at umodne prosjekter og prosjekt som ikkje klarar å nå tidsfristar må takast ut eller hamne lenger bak i køen for å gje rom til andre prosjekt. Havvind vil på lang sikt både vere viktig for å produsere ny fornybar energi og for verdiskaping i alle delar av verdikjeda. Elektrifisering av oljefelt gir utsleppskutt, men også forbruk av regulerbar kraft. Havvind i område der ein allereie har konsesjonar og infrastruktur, vil kunne gi tilgang til meir kraft og prosjekt for leverandørindustrien på kort og mellomlang sikt.

Differansekontraktar
Hydrogen er avgjerande for å lykkast med klimaomstillinga her heime og vil også være et bidrag til Europa sin energi- og klimaomstilling. I dag bremsast etterspørsel av uvisse om produksjon, og produksjonen ute blir på grunn av usikkerheit om etterspørsel. For at Norge skal innfri egne klimamål, er det avgjerande at det raskt etablerast ordningar med differansekontrakter som gjer det mogleg for norske verksemd å ta investerings-beslutningar for produksjon og bruk av hydrogen. Dette gjeld også andre framtredande teknologiar for å akselerere den grøne industriutviklinga.

Kompetanseutvikling
Ein må framsnakke industrien si evne til systematisk utvikling av kompetanse. Omstilling og etablering av nye verdikjeder stiller høge krav til kompetanseutvikling i alle delar av samfunnet. Vi treng samhandling for ny kunnskap, kompetansebygging og -deling i og blant bedrifter og relevante utdanningar.