Select Page

YouTube-kampanjer, Valgomat og teikneseriehefte er mellom tiltaka som får tilskot frå Valdirektoratet. I alt 15 søkarar får innvilga søknadene sine.

Valdirektoratet har behandla ferdig søknadene om tilskot til informasjonstiltak i samband med stortings- og sametingsvalet i år.

Tilskotsordninga skal bidra til å auke kunnskapen til dei røysteføre om valet og auke valdeltakinga. Tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for særleg tilrettelagd informasjon er prioriterte målgrupper.

Interessa for tilskotsordninga har vore stor. Det kom inn 122 søknader, og direktoratet måtte prioritere strengt i behandlinga av søknadene. Det totale søknadsbeløpet var rundt 31 millionar kroner, og det er 5,2 millionar som delast ut.

Retningslinjene for ordninga, at tiltaka er retta mot målgruppa og økonomi, vart lagde til grunn for vurderinga av søknadene.

  • Dette er vårt viktigaste verkemiddel for å fremje interessa for demokrati og val, og det har vore eit stort mangfald i søknadene, seier direktør i Valdirektoratet, Bjørn Berg.

Tiltaka som har fått tildelt pengar spenner breitt. Det er mellom anna teikneseriar for ungdom, kurs i valteknikk og valtreningslokale, sms-varsling som informasjonskanal, videopublisering, web-tv, «Valomat» på YouTube, og informasjonsbrosjyre med punktskrift.

  • Vi har vektlagd organisasjonar og tiltak vi trur kan nå målgruppa. Det er aktørar som vender seg til dei prioriterte målgruppene gjennom det vi ser som gode kanalar, seier Berg.

 

Søknadsfristen for tilskotsordninga var i november 2016. Her finn du retningslinjene for tilskotsordninga.

 

Tiltak som får tilskot:

Nordic Screens AS: «Rekk opp handa!». Femvekers influencer-kampanje (YouTube, Instagram mv.) i samarbeid mellom Nordic Screens og 80 unge opinionsleiarar. Prosjektet omfattar daglege videopubliseringar fram til valet på ei rekke kanalar. Alle videoane handlar om valet. Forventa dekning på 30 prosent i målgruppa 18-34 år. Tildelast: 1 141 500 kroner.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar: Tredelt prosjekt: 1) Nettverkspåverknad – 500 unge som driv direkte påverknad overfor nettverka sine. 2) Kampanje på nett, i sosiale medium og med trykt materiell med mål om å nå 50 prosent av unge mellom 18 og 21 år. 3) Skape kunnskapsgrunnlag for framtidig arbeid med å auke valdeltakinga til unge (rapport). Målgruppe er ungdom. Tildelast: 850 000 kroner.

Eldorado Oslo AS: Omfattande valopplegg i Eldorado sine lokale i Torggata i Oslo. Omfattar mellom anna informasjon frå alle parti på fleire språk, valtreningslokale, informasjonssentral om det norske samfunnet, under dette partia, flaggborg i Torggata mv. Målgruppe er alle, men særleg innvandrarar. Tildelast: 750 000 kroner.

Natt&Dag AS: Multimedial satsing (web-tv, papiravis, nettside og sosiale medium). Web-tv-episodane er kjernen i prosjektet. Varar frå februar/mars og fram til valet. Målgruppa er ungdom. Tildelast: 500 000 kroner.

Innvandrernes Landsorganisasjon: Omfattande opplegg i samarbeid med IMDi. Prosjektet omfattar mellom anna eit nasjonalt seminar, lokale kurs i «valteknikk» og informasjonsarbeid, stands, distribusjon av informasjonsmateriell mv. Målgruppe er innvandrarar (særleg kvinner og ungdom). Tildelast: 400 000 kroner.

MIRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner: «Bruk din stemme 2017». Prosjektet omfattar mobiliserings- og dialogmøte, produksjon og distribusjon av infomateriell på fleire språk, praktisk valopplæring, stands og valduellar mv. Målgruppe er innvandrarar (innvandrarkvinner). Tildelast: 400 000 kroner.

Stiftelsen Mela: Kampanje for auka valdeltaking i samband med Mela-festivalen 2017 (18.-20. august). Opplegget omfattar m.a. valtelt, bruk av storskjermar, sosiale medium og debattar på Melahuset i forkant av valet. Målgruppe er alle, men særleg innvandrarar og ungdom. Tildelast: 380 000 kroner.

Norges Bygdeungdomslag: «Stem. Bestem 2017!» Vidareføring av opplegg som har vore gjennomført sidan 2005. Omfattar mellom anna kurshelg for tillitsvalde, open kurshelg for alle, lokale tiltak (valkafé, stands mv.) Målgruppe er ungdom. Tildelast: 170 000 kroner.

Norsk Folkehjelp Oslo: Prosjektet er todelt: Valfestival med 10 valdebattar som skal arrangerast i ulike bydelar i Oslo. Her vil det også bli gjeve opplæring i praktisk røystegjeving. I tillegg vil det bli utarbeidd informasjonsmateriell på fleire språk. Målgruppe er innvandrarar. Tildelast: 170 000 kroner.

Farsund kommune: Bruk av SMS-varslingssystem som informasjonskanal ved valet. Tiltaket blir rekna som ekstraordinært og kan brukast som pilot for tilsvarande tiltak i framtida. Målgruppe er alle innbyggarane, men tiltaket er meint særleg å treffe ungdom og innvandrarar. Tildelast: 100 000 kroner.

Burheim illustrasjon og interiør: Produksjon av teikneseriehefte som forklarer valsystemet, demokratiske prinsipp og røysteprosessen. Teikneserien skal distribuerast til alle vidaregåande skolar. Målgruppe er ungdom (2. og 3. klasse på vidaregåande skole). Tildelast: 84 000 kroner.

Utrop AS: Produksjon av temaavis om valet (to utgåver). I tillegg kjem info om valet gjennom papiravis, nettsider og kampanje på Facebook. Målgruppe er innvandrarar. Tildelast: 80 000 kroner.

Groruddalen frie filmere: «Valomat»-løysing basert på ein YouTube-kanal. Valomaten baserast på 20 spørsmål frå lokal ungdom som blir svart på av dei ulike partia. Målgruppa er ungdomar. Tildelast: 50 000 kroner.

Vestfold frie filmere: «Valomat»-løysing basert på ein YouTube-kanal. Valomaten baserast på 20 spørsmål frå lokal ungdom som svarast på av dei ulike partia. Målgruppa er ungdomar. Tildelast: 50 000 kroner.

Norges Blindeforbund Buskerud: Produksjon av informasjonsfaldar (i punktskrift) for å motivere til valdeltaking. Denne skal distribuerast til 800 medlemer. Målgruppe er veljarar med behov for særleg tilrettelagd informasjon. Tildelast: 20 000 kroner.

Share This