• Ønsker å ta stilling til høringen: Ja

Avgitte svar

  • Lovens formål og medlemskapsspørsmål

    • 1. Dagens tre lover erstattes av én felles lov om tros- og livssynssamfunn

      jf. kap. 6818 og § 1 i høringsnotatet (åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop stør ei felles lov om trus- og livssynssamfunn og meiner at trongen for særleg lovgjeving for Den norske kyrkja ut frå denne si særstilling i norsk historie, samfunn og grunnlov vert tatt vare på gjennom eit eige kapittel i lova.

    • 2. Lovens formål skal være å understøtte tros- og livssynssamfunnene

      jf. kap. 7 og § 1 i høringsnotatet (åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 3. Loven skal definere tros- og livssynssamfunn som "sammenslutninger for felles utøvelse av en religiøs tro eller et sekulært livssyn"

      jf. kap. 7 og § 1 i høringsnotatet (åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 4. Den gjeldende lovregulerte ordningen om barns tilhørighet til tros- og livssynssamfunn oppheves

      jf. kap. 18 og §§ 2 og 3 (lenkene åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Det er viktig at det i lova kjem fram at barn har ein eigen rett til å tru og at foreldra har rett til å gje opplæring i tru til sine born. Bjørgvin biskop meiner at trus- og livssynssamfunn bør ha lovheimel for å få opplysningar om born til medlemmer for å kunna driva si verksemd og i Den norske kyrkja sitt tilfelle informera og invitera medemmer til dåp av sine barn og trusopplæring slik ein tradisjonelt har gjort og går imot ei oppheving av denne lovregulerte ordninga.

  • Registrering og tilskudd

    • 5. Det settes som krav for registrering av tros- og livssynssamfunn at samfunnet må ha mer enn 500 medlemmer som har fylt 15 år

      jf. kap. 7 og § 3 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop meiner at ein ikkje bør ha ei grense på 500. Det er skilnad på trussamfunn og livssynssamfunn på den måten at kristne og andre religiøse grupper og trussamfunn treng koma saman for å tilbe og bygga fellesskap mellom trusfeller på ein måte som dei fleste livssynssamfunn truleg ikkje treng på same vis. Lovgjevarane har til no anerkjent dette ved å gje ulike grenser for medlemsskap for dei to i lovverket. Når ein no vil samordna lovverket bør det difor ikkje vera grensa frå lov om livssynssamfunn som ligg til grunn. Bjørgvin biskop ser likevel at det vil vere fornuftig med ei grense og vil foreslå 100 fordi det er ein realistisk storleik for medlemsskap i eit lokalt religiøst fellesskap. Eg er her samd med fleirtalet i Stålsett utvalet. Ei høgare grense vil tvinga trussamfunn med kongregasjonalistisk syn til å slå seg saman mot deira ideologi eller skapa problem for t.d. små etniske og særspråklege trussamfunn.

    • 6. Lovens antallskrav kan oppfylles ved at likeartede samfunn søker om å bli registrert i fellesskap

      jf. kap. 7 og § 3 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 7. Det gis hjemmel i loven for at antallskravet kan fravikes i helt særlige tilfeller

      jf. kap 7 og § 3 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 8. Et samfunn må være registrert for å ha krav på tilskudd og for å kunne tildeles vigselsrett, jf. kap. 7 og 19 og §§ 3 og 4 og forslag til endring i ekteskapsloven § 12 første ledd.

      jf. kap. 7 og 19 og §§ 3 og 4
      forslag til endring i ekteskapsloven § 12 første ledd (lenkene åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 9. Staten skal overta kommunenes finansieringsansvar for tilskudd til tros- og livssynssamfunn utenom Den norske kirke

      jf. kap. 13 og § 4 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 10. Tilskudd til tros- og livssynssamfunn utenom Den norske kirke skal beregnes etter antallet medlemmer i samfunnet over 15 år

      jf. kap. 14 og § 4 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop meiner det ikkje er naturleg at ein av forenklingsomsyn skal gje ei lik aldersgrense for tilskotsteljande medlemer i alle trus- og livssynssamfunn fordi oppfatninga av kven som er medlem og korleis ein vert fullverdig medlem er eit trusstandpunkt. Borna si stilling kan vera ulik i dei ulike trussamfunn og dette vil kunne kjennast som ei underkjenning av trussamfunnet sin rett til å definera medlemsskap. For samfunn som reknar born som fullverdige medlemer, t.d. kristne samfunn som praktiserar barnedåp er dette problematisk. I tillegg vil trusopplæring og liknande tiltak retta mot dei under 15 år kunne utgjera ein stor del av trussamfunnet sine utgifter, og det er då underleg at borna ikkje skal bli rekna som støtteverdige medlemmer.

    • 11. Satsen for tilskudd per medlem i tros- og livssynssamfunn utenom Den norske kirke skal reguleres årlig i samsvar med endringene i statens tilskudd til Den norske kirke

      jf. kap. 14 og § 4 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 12. Tilskudd til investeringer av Den norske kirkes kirkebygg fra før 1900 skal ikke inngå i reguleringsgrunnlaget for tilskudd til andre tros- og livssynssamfunn

      jf. kap. 14 og § 4 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop meiner dette er naturleg ut frå den allmenne verdi kyrkjebygg har ut frå arkitektoniske, historiske, kulturelle verdiar og som lokale identitetsmarkørar. Grensa ved år 1900 er sett av tekniske grunnar for å kunna berekna kva tilskot til kyrkjebygg som ikkje skal utløysa tilskot til andre trussamfunn. Argumentet for å setja grense her kan ikkje vera at nyare bygg ikkje utgjer kulturminner eller at dei ikkje er dyre å vedlikehalde. Kvar denne grensa vert sett, vil påverka den samla tildelinga på nasjonalt nivå til trussamfunn utanfor den norske kyrkja, så for kyrkja sin del, har dette ikkje så mykje å seia direkte. Det er likevel viktig at finansiering av vedlikehaldet på kyrkjebygga til Den norske kyrkja ikkje blir kopla saman med ei årstalsgrense. Kyrkja som kulturminne og stadskapande arkitekturmonument gjer at vedlikehaldet av nyare kyrkjer også treng ei god finansieringsordning. Ei slik ordning vil gjelda bygget sine «fellesverdiar» for alle i samfunnet og er ikkje knytt til kyrkja som trussamfunn. Kyrkjene er ein sentral del av den norske kulturarven og står i ei særstilling som kulturminner. Uavhengig av om det er stat eller kommune som får ansvar for å finansiere kyrkjebygga, bør det etablerast ein kyrkjeantikvarisk kompensasjon etter mønster frå «Den kyrkoantikvariska ersättningen» i Sverige, der staten tek på seg eit særskilt ansvar for å halda ved like kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Av omsyn til likebehandling bør også andre trus- og livssynssamfunn få tilskot til særleg verneverdige gudshus.

    • 13. Tilskudd til oppgaver Den norske kirke utfører på vegne av det offentlige skal ikke inngå i reguleringsgrunnlaget for tilskudd til andre tros- og livssynssamfunn

      jf. kap. 14 og § 4 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop meiner dette er naturleg ut frå Den norske kyrkja si særstilling både historisk, samfunnsmessig og i grunnlova.

    • 14. Tilskudd til utgifter som følger av Den norske kirkes særlige stilling skal ikke inngå i reguleringsgrunnlaget for tilskudd til andre tros- og livssynssamfunn

      jf. kap. 14 og § 4 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop meiner dette er naturleg ut frå Den norske kyrkja si særstilling både historisk, samfunnsmessig og i grunnlova.

    • 15. Samfunn skal kunne nektes tilskudd dersom de mottar bidrag fra stater som ikke respekterer retten til tros- og livssynsfrihet

      jf. kap. 15 og § 6 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin bispedømeråd er samd i dette. Samstundes er det viktig å skilja mellom kva eit trussamfunn gjer og kva einskilde grupper eller lokale trusfellesskap/kyrkjelydar i trussamfunnet gjer, så ein ikkje innfører kollektiv straff og tek frå eit trusamfunn støtte på bakgrunn av at eit organ eller ei forsamling bryt lova. Det bør ikkje vera andre krav til trussamfunn enn dei som alt er nedfelt i lovverket, fordi ein føreset at det er sjølvsagt at trussamfunn må fylgja norsk lov.

    • 16. Det skal overlates til fylkesmannen å treffe vedtak om registrering og tilskudd etter loven og å føre tilsyn med virksomheten

      jf. kap. 17 og § 7 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 17. Fylkesmannens myndighet etter loven skal kunne ivaretas av ett fylkesmannsembete

      jf. kap. 17 og § 7 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

  • Den norske kirke

    • 18. Særskilte bestemmelser som kun retter seg mot Den norske kirke (kirkelig rammelov) skal gis i et eget kapittel i den nye trossamfunnsloven

      jf. kap. 8 og §§ 8 – 16 (lenkene åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 19. Det skal overlates til Kirkemøtet å fastsette nærmere bestemmelser om kirkens organisering, kirkelig inndeling, kirkelige organer og valg til disse

      jf. kap. 8 og §§ 10 og 11 (lenkene åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop er samd i dette. Det er viktig at Den norske kyrka som eige trussamfunn får full fridom til å organisera seg og sine indre forhold. Dette prinsippet må medføre at Stortinget ikkje legg slike føringar på Den norske kyrkja si valordning som ein no legg opp til i § 11. Eg kjem tilbake til dette i min sluttkommentar.

    • 20. Det skal overlates til Kirkemøtet å fastsette bestemmelser om kirkebygg

      jf. kap. 8 og § 13 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop er samd i at lova slår fast at kyrkjene er soknet sin eigedom, med mindre noko anna følgjer av særskilt rettsgrunnlag. Eg sluttar meg elles til den utførlege kommentaren (kalla 20a) som Bjørgvin bispedømeråd gjev til dette punktet.

    • 21. Det skal overlates til Kirkemøtet å fastsette bestemmelser om, og med hvilke unntak og særregler, forvaltningsloven, offentlighetsloven og arkivloven skal gjelde for kirken

      jf. kap. 8 og § 16 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 22. Det skal overlates til Kirkemøtet å fastsette om medlemmer av kirken skal betale medlemskontingent

      jf. kap. 10 og § 12 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop meinar dette er eit mynde kyrkjemøtet allereie har. Lovteksten treng ikkje seie noko om dette.

    • 23. Bestemmelsene om at soknet og Den norske kirke er selvstendige rettssubjekter skal videreføres

      jf. kap. 8 og § 9 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Det bør stå i lova at soknet skal ha ansvar for gudstenester, kyrkjelege handlingar, trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk. Dermed vert det lagt ein viktig premiss for overføringane frå det offentlege til kyrkja sin verksemd.

    • 24. Mener du at Den norske kirke skal finansieres ved at a) Dagens økonomiske oppgavefordeling mellom staten og kommunene føres videre, eller b) Staten skal overta det ansvaret kommunene i dag har for finansiering av den lokale kirke?

      jf. kap. 9 og § 12 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
        • Nullstill
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop saknar her eit tredje alternativ . Eg stør prinsippet om samla statleg finansiering, men meiner samstundes at nærleiken mellom sokn og kommune er viktig å ivareta, og at kommunen framleis bør ha ei form for ansvar for finansieringa av kyrkja. Eg vil her peike på fleirtalet i Gjønnesutvalet sin modell der kommunane får ansvar for finansiering av kyrkjebygga, medan staten finansierer resten av verksemda. Kyrkjebygga og gravplassane står i ei særstilling, men bortsett frå dette kan kyrkja si organisering løysast frå kommunestrukturen. Då vil ein stå friare til å forenkle og effektivisere verksemda. Med denne løysinga vil ein òg i større grad enn med dagens ordning følgje prinsippet om størst mogeleg lik handsaming av Den norske kyrkja med andre trus- og livssynssamfunn.

  • Vigselsrett, gravplassdrift og andre spørsmål

    • 25. Vigselsrett for tros- og livssynssamfunn skal videreføres, jf. kap. 19 og forslag til endringer i ekteskapsloven §§ 12 og 13.

      jf. kap. 19
      forslag til endringer i ekteskapsloven §§ 12 og 13 (lenkene åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 26. Den lokale kirkes ansvar for gravplassdrift og –forvaltning skal videreføres som normalordning, jf. kap. 22 og forslag til endringer i gravferdsloven § 23.

      jf. kap. 22
      forslag til endringer i gravferdsloven § 23 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Bjørgvin biskop er samd i at kyrkja framleis skal ha ansvar for drifta av gravplassane. Erfaringa viser at kyrkja er ein god forvaltar av gravplassane på vegner av alle i samfunnet. Den historiske tilknytinga mellom kyrkja og gravplassane og det faktum at dei fleste gravplassar er kyrkjegardar rundt kyrkjebygga, er sterke argument for at det framleis skal vera slik. Reint praktisk vil vi også tru at det er effektivt at kyrkja er arbeidsgjevar for dei tilsette på gravplassen som mange stader har ei delt stilling mellom gravplassdrift og andre tenester for kyrkja. Vidare er det naturleg at gravplassforvaltninga må følgje forvaltningslov, arkivlov og offentleglova.

    • 27. Fylkesmannen skal etter søknad fra kommunen kunne treffe vedtak om overføring av gravplassansvaret til kommunen, jf. kap. 22 og forslag til endringer i gravferdsloven § 23.

      jf. kap. 22
      forslag til endringer i gravferdsloven § 23 (lenken åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

    • 28. Det ansvaret bispedømmerådet har etter gjeldende gravferdslov, skal overføres til de enkelte fylkesmenn, jf. kap. 22 og forslag til endringer i gravferdsloven §§ 4, 21 og 24

      jf. kap. 22
      forslag til endringer i gravferdsloven §§ 4, 21 og 24 (lenkene åpnes i nytt vindu)

      • Velg et alternativ
      • Hvor viktig er dette?
        • Nullstill
      • Eventuell kommentar

        Kyrkja sitt ansvar for dette i dag, fungerer bra. Sidan det er kyrkjelege organ som forvaltar gravplassdrifta lokalt, er det naturleg at også kyrkjelege organ stå for godkjenningssaker. Framlegget om å overføra dette til fylkesmannen kan gje meining dersom lovgjevar seg for seg at mange kommunar vil søkja om å få ta over den lokale gravferdsforvaltninga. Det vil likevel ikkje vera stort nok volum på slike saker til å forsvara at både fylkesmannen og Den norske kyrkja (i dag ved bispedømerådet) forvaltar slike saker. Dei fleste gravplassar er «kyrkjegardar» som ligg ved kyrkjene, og då soknet er eigar av dei fleste gravplassane, er det unaturleg at fylkesmannen skal gjera vedtak om plan for gravplassen og liknande (gravferdslova § 4). Vi trur også det vil føra til auka byråkrati, fordi fylkesmannen i si forvaltning vil vera avhengig av kyrkja si forvaltning. Vedtak om endring i plan for gravplassen vil krevja at ein høyrer den andre parten som har ansvar for kyrkjebygget. Det betyr at både fylkesmannen og kyrkja må ha kompetanse. Bispedømerådet ønsker at fylkesmannen skal vere klageorgan, og at dette skal samlast i eit fylkesmannsembete, for å sikre eins praksis. Erfaringa vår viser at det er nødvendig at kyrkja og gravplassane har sin «talsmann» i saker knytt til kulturminnevern og kommunale planar og byggesaker. Det mest effektive er då at Den norske kyrkja framleis er offentleg høyringsinstans i slike saker, med motsegnsrett, jf. vår merknad i avsnittet om 60-meters grensa.

Kommentarer

Bjørgvin biskop vil gje ein eigen kommentar til framlegget til § 11 i lova: Kirkelig stemmerett og kirkevalg. Her heiter det i siste leddet «Kirkevalg holdes samtidig med, og i lokaler i umiddelbar nærhet av, offentlige valg». Dette vil i praksis seie at Stortinget lovregulerer ikkje berre tid og stad for kyrkjevala, men at desse skal haldast som direkte val. Dette bør Stortinget ikkje gjere. Noreg har slutta seg til internasjonale konvensjonar der ein avstår frå statleg innblanding i korleis trussamfunn vel leiarane sine. I lovframlegget deltaljregulerer ein likevel korleis slike val skal skje, trass i at ein prinsipielt i høyringsspørsmål 19 seier: «Det skal overlates til Kirkemøtet å fastsette nærmere bestemmelser om kirkens organisering, kirkelig inndeling, kirkelige organer og valg til disse.» § 11 siste lekken er i strid med dette prinsippet. Her vil ein lovfeste ei valordning som ingen andre kyrkjesamfunn har. Då Kyrkjemøtet innførte ordninga, var det ei følge av Kyrkjeforliket. Men dette forliket var tidsavgrensa og kan ikkje vere bindande for kyrkja no.