Se innlegg etter kategori

Nytt notat frå testkontoret i Pentagon 

Eit norsk F-35 tek av for ei testflyging frå fabrikken i Fort Worth. Foto: Lockheed Martin.

Eit norsk F-35 tek av for ei testflyging frå fabrikken i Fort Worth i oktober 2015. Foto: Lockheed Martin.

Denne veka publiserte Aviation Week eit internt notat som leiaren for testkontoret i Pentagon, Michael Gilmore, sendte fram til den amerikanske materielldirektøren i oktober. Som alltid leier notat frå testkontoret til ei rekke oppslag i internasjonale medier om korleis F-35 framleis har utfordringar, gjerne i ganske dramatiske ordelag. Nett som i innlegget Morten Hanche skreiv her på bloggen i sommer så vil eg ikkje her gå gjennom kvart av punkta som dette notatet peiker på, men i staden prøve å sette det litt meir i samanheng. (mer…)

Dette biletet er historisk – av tre grunnar!

Foto: USAF

Foto: USAF

Dei som følgjer med på kva som skjer rundt F-35 har sikkert sett liknande bilete mange ganger før, men det er minst tre grunnar til at dette biletet som vart teke på Luke Air Force Base i går er historisk.

For det første – dette er den første heilnorske F-35-flyginga! Norsk fly med norsk flygar med norske bakkemannskap – det har aldri skjedd før!

For det andre – det er teke på dagen eitt år etter at det første norske flyet landa på Luke AFB, og eitt år etter at ein nordmann for første gang sette seg bak spakene i F-35 – og det på Luftforsvarets bursdag, 10. november. (Gratulerer med 72-årsdagen!) På det første året har norske F-35 vore på vingene 367 ganger frå Luke, og lagt bak seg til saman 543,74 timar.

Og for det tredje – flyet på biletet er AM-3 (#5110) som er det andre av dei to norske flya som måtte få reparert kjølerør i vingene etter at det vart oppdaga feil på isolasjonen rundt dei. AM-4 var på vengene igjen sist fredag, og etter at AM-3 gjorde det samme tirsdag denne veka så er begge dei norske flya no i gang med treninga igjen.

AM-4 var på vengene igjen fredag 4. november. Foto: USAF

AM-4 var på vengene igjen etter reparasjonane allereie fredag 4. november. Foto: USAF

Eitt år inn, og eitt år før dei første flya landar på Ørland, så har me teke store steg framover!

Kampflykalender november

Kampflykalender november 16 1920x1200Som i oktober så nyttar me eit norsk bilete frå Luke til kalenderen. Dette er «flightline» til 62. skvadron, der de ser dei norske flya til høgre, og dei amerikanske til venstre.

Sjå fleire oppløysingar under:

16:10 (1920 x 1200, 1680 x 1050 og 1280 x 800)
16:9 (1920 x 1080, 1366 x 768 og 1280 x 720)
4:3 (1600 x 1200 og 1024 x 768)
1280 x 1024

Hvordan vi kan spare flere hundre millioner kroner ved å bestille 12 F-35 i 2017

block-buy-v2Vi skal levere det antall fly Stortinget bestemmer innenfor deres krav til tid, kost og ytelse. Samtidig skal vi hele tiden lete etter bedre måter å gjennomføre anskaffelsen på, ikke minst på kostnadssiden. I forsvarsbudsjettet som ble lagt frem i dag ser dere et eksempel på dette. Gjennom at vi sammen med de andre partnerlandene bestiller fly for flere år om gangen, vil vi kunne presse prisen for hvert enkelt fly ned enda mer. Slik sparer vi flere hundre millioner kroner.

Her vil jeg prøve å forklare litt mer om hvordan dette er mulig. (mer…)

Kampflykalender oktober

Kampflykalender september 16 1920x1200For oktober-kalenderen har me endeleg fått tak i eit flott norsk bilete frå Luke – de finn fleire gode nye F-35-bilete frå basen i mediearkivet på Forsvaret.no.

Sjå fleire oppløysingar under:

16:10 (1920 x 1200, 1680 x 1050 og 1280 x 800)
16:9 (1920 x 1080, 1366 x 768 og 1280 x 720)
4:3 (1600 x 1200 og 1024 x 768)
1280 x 1024