Se innlegg etter kategori

Kampflykalender desember

Kampflykalender november 16 1920x1200God morgon frå Arizona! Denne månaden vi me legge ut to kalenderar. Den første er med eit bilete me har fått låne frå Sten Arne Brunsby som han tok på Nellis Air Force Base tidlegare i år. Seninere vil me legge ut ein ny kalender med eit heilt nytt bilete frå Luke, der forsvarsministeren er på besøk 5. desember.

Sjå fleire oppløysingar under:

16:10 (1920 x 1200, 1680 x 1050 og 1280 x 800)
16:9 (1920 x 1080, 1366 x 768 og 1280 x 720)
4:3 (1600 x 1200 og 1024 x 768)
1280 x 1024

Internasjonalt samarbeid har i år spart oss for 96 millioner kroner

Norske F-35 blir de første som skal utstyres med bremseskjerm

Norske F-35 blir de første som skal utstyres med bremseskjerm. Foto: Lockheed Martin

**English below**

F-35 er eit godt døme på korleis me gjennom internasjonalt samarbeid kan gjere ting billegare enn om me gjekk aleine. I proposisjonen som vart lagt fram for Stortinget sist fredag kan me for første gong stadfeste at Nederland no er med og betaler for utviklinga av bremseskjermen for F-35, og i 2016 betalte dei oss 96 millioner kroner for å dekke deira del av utviklingskostandane. Pengane me sparar her vert i staden nytta til å dekke andre kostnadar for dei nye kampflya. (mer…)

Nytt notat frå testkontoret i Pentagon 

Eit norsk F-35 tek av for ei testflyging frå fabrikken i Fort Worth. Foto: Lockheed Martin.

Eit norsk F-35 tek av for ei testflyging frå fabrikken i Fort Worth i oktober 2015. Foto: Lockheed Martin.

Denne veka publiserte Aviation Week eit internt notat som leiaren for testkontoret i Pentagon, Michael Gilmore, sendte fram til den amerikanske materielldirektøren i oktober. Som alltid leier notat frå testkontoret til ei rekke oppslag i internasjonale medier om korleis F-35 framleis har utfordringar, gjerne i ganske dramatiske ordelag. Nett som i innlegget Morten Hanche skreiv her på bloggen i sommer så vil eg ikkje her gå gjennom kvart av punkta som dette notatet peiker på, men i staden prøve å sette det litt meir i samanheng. (mer…)

Dette biletet er historisk – av tre grunnar!

Foto: USAF

Foto: USAF

Dei som følgjer med på kva som skjer rundt F-35 har sikkert sett liknande bilete mange ganger før, men det er minst tre grunnar til at dette biletet som vart teke på Luke Air Force Base i går er historisk.

For det første – dette er den første heilnorske F-35-flyginga! Norsk fly med norsk flygar med norske bakkemannskap – det har aldri skjedd før!

For det andre – det er teke på dagen eitt år etter at det første norske flyet landa på Luke AFB, og eitt år etter at ein nordmann for første gang sette seg bak spakene i F-35 – og det på Luftforsvarets bursdag, 10. november. (Gratulerer med 72-årsdagen!) På det første året har norske F-35 vore på vingene 367 ganger frå Luke, og lagt bak seg til saman 543,74 timar.

Og for det tredje – flyet på biletet er AM-3 (#5110) som er det andre av dei to norske flya som måtte få reparert kjølerør i vingene etter at det vart oppdaga feil på isolasjonen rundt dei. AM-4 var på vengene igjen sist fredag, og etter at AM-3 gjorde det samme tirsdag denne veka så er begge dei norske flya no i gang med treninga igjen.

AM-4 var på vengene igjen fredag 4. november. Foto: USAF

AM-4 var på vengene igjen etter reparasjonane allereie fredag 4. november. Foto: USAF

Eitt år inn, og eitt år før dei første flya landar på Ørland, så har me teke store steg framover!