Se innlegg etter kategori

Budsjetthøyring i senatet – grundig gjennomgang av F-35

John McCain har lenge vore kritisk til F-35, og markerte dette igjen i ei høyring denne veka, som og fekk fram fleire områder der det no er framgang i programmet.

John McCain har lenge vore kritisk til F-35, og markerte dette igjen i ei høyring denne veka, ei høyring som og fekk fram fleire områder der det no er framgang i programmet.

Denne veka var det det amerikanske senatet sin tur til å ha budsjetthøring om F-35. Heile høyringa varte i nesten to timar, og det dei fleste internasjonale medieoppslaga handlar om er dei få minutta i byrjinga der senator McCain kalla historia til Joint Strike Fighter-programmet frå byrjinga i 2001 for «ein skandale» og «ein tragedie». Han har og tidlegare vore kritisk til programmet, og det er ikkje første gong han seier dette om F-35. Sjølv om senatoren la vekt på dette i byrjinga av innlegget sitt så avslutta han med at det no er positive teikn i programmet, og at utviklinga innan programvare, operativ evne og kostnadar i dag går i rett retning, trass i at det framleis er utfordringar.

Etter han sa og den amerikanske materielldirektøren Frank Kendall at han no meinte programmet gjekk i rett retning, noko som og vart gjenteke av leiaren for programmet, generalløytnant Bogdan. Leiaren for testkontoret i Pentagon og leiaren for den avdelinga i den amerikanske riksrevisjonen som har ansvar for F-35 gav i høyringa og ei grundig innføring i nokre av dei utfordringane som programmet står ovanfor, noko som og er deira oppgåve – dei skal peike på problem, eller mogelege problem, og så skal programmet sjå kva dei kan gjere for å løyse dei. Som Bogdan sa, det som kjenneteiknar eit godt program er ikkje at det er utan problem, men at dei problema ein ser vert tekne hand om på ein god måte.

Samla er inntrykket frå høyringa noko meir nyansert – her kom det mykje god informasjon, både i positiv og negativ retning.

Her kan du sjå heile høyringa (byrjar ca. 20 minutt inn i videoen.)

Comments are closed.