Se innlegg etter kategori

Er USA lei av F-35?

USA skal drifte både F-35 og F-16 saman i fleire år enda, men dei spør seg om dei må ha nokre av dei eldre flya lengre enn venta.

USA skal drifte både F-35 og F-16 saman i fleire år enda, men dei spør seg om dei må ha nokre av dei eldre flya lengre enn venta. (Foto: USAF)

I dag kunne me lese at USA skal ha gått lei F-35, og at amerikanske forsvarstoppar no kritiserer F-35 for open mikrofon. Dette byggjer på ein artikkel frå ein kjend amerikansk kritikar av F-35, og som sjølv innrømmer at han har ”lese mellom linjene” i tre heilt forskjellige sitat frå personar knytt til det amerikanske forsvaret, og som han har tolka som at amerikanarane no er djupt misnøgde F-35. Her kan du lese litt meir om dei tre sitata, som etter vår meining handlar om tre heilt forskjellige tema – og ingen av dei snakkar om det kritikaren hevdar.

Først litt om kven som er kjelda for desse påstandane. Bloggaren David Axe leier til dagleg bloggen ”War is Boring” og har lenge vore svært kritisk til F-35. Han har til og med vore med på å gje ut ei bok som er ei samling av artiklar som argumenterer mot F-35, og var den som sommaren 2015 lekka rapporten som er nytta som grunnlag for påstandane om at F-35 ikkje vil overleve ein luftkamp mot F-16 (noko norske flygarar ikkje er samde i.)

I den nye artikkelen set han saman heilt lausrivne sitat frå tre personar om tre ulike tema, og som han sjølv seier så ”les han mellom linjene” og hevdar at dette er bevis på at amerikanarane sjølv no er ”skuffa” over F-35.

Problemet er at ingen av dei faktisk har sagt noko om dette.

Først Bogdan – her er det han sa 10. Mars – då om dei amerikanske forsvarsgreiene burde vurdere nye fellesprogram som F-35:

“I’m not saying they’re bad. I’m not saying they’re good. I’m just saying they’re hard,” Air Force Lt. Gen. Christopher Bogdan said Thursday. “You ought to think really hard about what you really need out of the sixth-generation fighter and how much overlap is there between what the Navy and the Air Force really need.”

Han seier altså ikkje at han er skuffa over F-35, men at slike program alltid vil vere prega av at ei ulike kjøparane ønskjer forskjellige ting, og at det er krevjande å leie desse programma. Før ein byrjar utviklinga av neste generasjon av fly meiner Bogdan at ein difor må vere sikre på at krava til det amerikanske luftforsvaret og marinen, som er dei største kjøparane, er like nok til at det er verdt det. Dette har vore ei utfordring med F-35, noko som gjer at dei tre flytypane i dag ikkje er så like som dei hadde mål om då programmet byrja.

Så til generalløytnant James ”Mike” Holmes, som har ansvar for plan og kravstilling i den amerikanske luftforsvarsstaben. Han snakka med journalistar i byrjinga av februar om det amerikanske luftforsvarets planar for neste generasjon kampfly. Merk at dette IKKJE er fly som skal erstatte F-35, men som skal erstatte F-22 i luftforsvaret, og F-18 E/F Super Hornet i marinen (dei er difor ikkje allereie no i gong med å finne erstatninga for F-35.) Holmes seier ikkje noko om F-35 eller erfaringa med dette fellesprogrammet, men om kor vidt han meiner at krava til det amerikanske luftforsvaret og til marinen er like nok til at dei kan samarbeide i dette nye programmet. Her er konklusjonen hans:

“We will have some different requirements for what we need based on the different things we are expected to provide for the joint force,” Holmes told reporters. “We will use common technologies and maybe some common things, but at this point we think it will be a different enough mission that it won’t be the same airplane.”

At dei ikkje ser for seg eit fellesprogram med neste generasjon fly er altså ikkje på grunn av at erfaringa med F-35 har vore dårleg eller skuffande, men fordi krava for dei neste flya ikkje er like nok, noko som er avgjerande for at dei skal kunne samarbeide godt.

Så til den amerikanske viseforsvarsministeren Robert Work. Det vert hevda at fordi dei tre variantane av F-35 er så ulike så er prisen for flya blitt høgare, og difor må ein no drifte dei eldre flya i det amerikanske luftforsvaret lengre enn planlagt.

Det er ikkje heilt rett. Det har heile tida vore planen at det amerikanske luftforsvaret skal drifte eldre fly saman med F-35, og dei skal gjere dette i mange år etter at dei nye flya er klare. Det Work snakkar om i intervjuet sitt med tidsskriftet Flight Global er at dei amerikanske budsjettkutta dei siste åra gjer at dei ikkje får inn F-35 like raskt som dei hadde planlagt, og då må dei vurdere om dei og må drifte nokre av dei eldre flya lenger enn det dei først hadde tenkt. Det som er med og gjer dette ekstra utfordrande er at ein allereie har måtta kutta ein del eldre fly og skvadronar grunna reduksjonar i forsvarsbudsjettet, medan det amerikanske luftforsvaret framleis har ei rekke oppdrag dei må løyse kvar dag. Dette gjer at dei vert pressa i fleire retningar, og dei må sørgje for at dei trass i kutt har nok operative fly til å løyse oppdrag samtidig som dei tek i mot F-35. Her er sitata hans i Flight Global:

“Without question, the part of the joint portfolio which has taken the brunt of the defence drawdown is the US Air Force and our capacity in aerospace combat power,” says Work, who describes fifth-generation fighters as “battle network” or BN aircraft. “Now, the problem is that we truncated the BN-22, and the ramp rate for the BN-35 is now at a point where the air force was trying to stay at 80 per year, then we dropped down to try stay at 60, and now our programme is 48 per year. The mere fact is, we’re going to have a mixed fifth-gen and fourth-gen fleet for a long time.”

Even if the department were awash with cash, Work says he doesn’t know if it would be wiser to pump that money into legacy fleet upgrades or into buying more F-35s.

“I really worry about the size of the air force,” he says. “If you told me we were going to go down from 54 tactical fighter squadrons to 45 but they’d all be F-35s, I’m not certain I’d say that’s a good thing, simply because the air force’s operational tempo right now is driving the force into a bad place.”

Det er difor verken flyprisen eller at F-35 ikkje er godt nok som gjer at dei vil forlenge levetida til eldre fly. I staden er det kombinasjonen av budsjettkutt og ei rekke pågåande operasjonar som gjer at dei er uroa for å ikkje få F-35 raskt nok når dei tek eldre fly ut av teneste. Då kan det vere at dei må modernisere desse eldre flya meir for å gjere det mogeleg å nytte dei ei stund til.

 

 

Comments are closed.