Se innlegg etter kategori

Sjå korleis det gjekk då australsk media var på vengene saman med F-35

F-35 er eit partnerskap av ni nasjonar (i tillegg til tre nasjonar som til no har gjort avtale med USA om å kjøpe flya direkte) og i alle desse er media interessert i dei nye flya. Her er ein lang reportasje frå australske «60 Minutes» som i januar var på besøk på Luke Air Force Base der amerikanske, australske, norske og italienske F-35-flygarar vert utdanna (og fleire kjem etter kvart). Her fekk dei som første medie vere med opp i baksetet på ein F-16 for å sjå eit australsk F-35 på vengene med ein australsk flygar.

I innslaget er det og ei rekke kommentarar frå dei australske flygarane, som høyrer til 61. skvadron på Luke, som er søsterskvadronen til 62. skvadron, som er der dei norske flygarane høyrer heime. Dei fortel om si erfaring med F-35 til no, og kvifor dei meiner flyet gjev dei det dei treng for framtida.

Det er og eit intervju med brigader Pleus, som vert presentert som sjef for 61. skvadron, men han er eigentleg sjef for 56. luftving, og med det alle F-35-skvadronane på Luke, inkludert den norske.

Comments are closed.