Se innlegg etter kategori

Gratulerer, Morten! (og Morten!)

Her gratulerer Morten Klever Morten Hanche etter at den første treningsturen hans i F-35

Her gratulerer Morten Klever Morten Hanche etter at den første treningsturen hans i F-35

Dei fleste har nok fått med seg at bloggaren vår, Morten Hanche, denne veka vart første nordmann i F-35. Men me har og ein annan Morten i programmet som og var svært nøgd denne veka, og det er programdirektøren vår, Morten Klever. Same dag som Hanche hadde sin første treningstur tok Klever i mot dei to første norske F-35-flya på Luke Air Force Base kor dei skal vere med og trene F-35-flygarar for partnerlanda. I videoen under kan du sjå kva Klever sa etter å ha teke i mot dei nye flya.

Morten Klever skriv og for Kampflybloggen innimellom, og du kan følge han på Twitter på @F35_pdir.

Her er dei to første norske flya møtt av amerikanske F-35-fly frå 62. skvadron på Luke Air Force Base som dei skal vere ein del av. Dei norske flya er nummer tre og fire frå venstre. Foto: US Air Force/Luke Air Force Base.

Her er dei to første norske flya saman med amerikanske F-35-fly frå 62. skvadron på Luke Air Force Base som dei skal vere ein del av. Dei norske flya er nummer tre og fire frå venstre. Foto: US Air Force/Luke Air Force Base.

Comments are closed.