Se innlegg etter kategori

Slik kan du sjå første norske F-35 lande på Luke Air Force Base

AM-1 like etter take-off frå fabrikken i Fort Worth. Foto: Lockheed Martin.

AM-1 like etter take-off frå fabrikken i Fort Worth. Foto: Lockheed Martin.

I kveld landar første norske F-35 på den nye heimebasen Luke Air Force Base i Arizona. Her skal dei vere ein del av ein treningsskvadron som skal utdanne flygarar frå dei ulike partnerlanda som skal ha F-35A. Flyet vil lande på basen litt etter klokka 20:30 i kveld norsk tid, og du kan sjå det heile gjennom ein app som heiter «Periscope.»

Du kan lese meir om app’en på heimesidene deira, men for å kunne sjå sendinga i kveld må du gjere dette:

1: Finn appen i Appstore om du har ein iPhone eller Google Play om du har ein Android-telefon (fins og for Windows Mobile.) Installer app’en, og sei «ja» om den spør om å få sende deg varslingar.

2: Logg deg inn med Twitter-kontoen din (om du ikkje har det kan du enkelt lage ein på www.twitter.com)

3: Søk etter «LukeAFB» og følg dei.

Det er alt du treng å gjere. Om du let app’en sende deg varslingar vil den sei frå når sendinga byrjar. Du kan sjå kor mange som ser på sendinga, og du kan og kommentere og stille spørsmål i app’en.

Følg oss og på Twitter (brukarnavn @Kampfly_no) for oppdateringar.

Comments are closed.