Se innlegg etter kategori

Sjå heile F-35-høyringa i den amerikanske kongressen

I går var det høyring i forsvarskomiteen i den amerikanske kongressen om F-35. I det amerikanske systemet vert høyringar nytta til å oppdatere politikarane om viktige tema, mellom anna F-35, så det var ikkje nokon særskild grunn til at denne høyringa kom no. Denne gong sat generalløytnant Christopher Bogdan, sjef for det fleirnasjonale F-35-programmet og generalmajor Jeffrey Harrigian, sjef for integrasjonskontoret for F-35 i det amerikanske luftforsvaret i ein og ein halv time og svarte på spørsmål om alt frå utfordringane med setet, om motoren, om valet i Canada, og mykje meir. I videoen øvst kan du sjå heile høyringa, og under har eg laga linkar direkte til nokre av dei meir aktuelle spørsmåla.

Spørsmål om utskytingssetet (frå 21 min)

Spørsmål om manøvreringsevne/dogfighting (frå 32 min)

Spørsmål om oppfølginga av motorbrannen i 2014 (frå 38:48 min)

Spørsmål om kva som skjer om Canada trekk seg frå programmet (frå 41:21 min)

Comments are closed.