Se innlegg etter kategori

Her er F-35 for første gong på vengene i Europa!

Det er etter kvart kjend at norske F-35 vert bygd i Fort Worth, Texas – men det er ikkje einaste staden der F-35 vert bygd. Både Italia og Japan skal og sette saman fly i eigne fabrikkar, og i går var første flyet som er sett saman i den italienske fabrikken i Cameri utanfor Milano på vengene for første gang. Dette markerer og første gong F-35 er på vengene utanfor USA og med det og første gong det er på vengene i Europa. (Sjå video over og trykk «mer» for fleire detaljar om turen) 

image

AL-1 tek av med fabrikken der det er bygd i bakgrunnen. Foto: Lockheed Martin.

Flyet, som er kjend under produksjonsnamnet AL-1 (italiensk serienummer 32-01), tok av frå Cameri klokka 13:05 lokal tid, og landa 1 time og 22 minutt seinare etter å ha gjennomført ei rekke testar. Flygaren var Bill «Gigs» Gigliotti frå Lockheed Martin, som kunne melde at flyet fungerte som det skulle, og at alt gjekk etter planen. Dette er sammen flyet som i mars vart rulla ut av fabrikken, som eg og skreiv litt om her på bloggen.

Dette er den første A-modellen for Italia, men merk at eg seier at den vart «sett saman» i Cameri. Det er fordi denne fabrikken ikkje gjer alt det ein gjer i Fort Worth, kor ein og produserer ein del delar. Cameri er i staden kjend som eit «Final Assembly and Check Out-facility» eller «FACO» og som namnet seier så så set ein her saman og «sjekker ut» flya, men delane kjem stort sett ferdigprodusert til fabrikken for montering. I dag er åtte F-35 under bygging i Cameri, og i tillegg til dei italienske skal og dei fleste av dei nederlandske flya settast saman i fabrikken som vert dreven i samarbeid mellom Lockheed Martin og det italienske selskapet Finmeccanica-Alenia Aermacchi.

No er det berre to veker – 14 dagar – til me rullar ut første norske fly frå fabrikken i Fort Worth, noko me ser veldig fram til. Eg reiser ned til Fort Worth sjølv om litt over ei veke for å gjere dei siste førebuingane der nede for å sikre at alt går etter planen og at de her heime kan følge heile markeringa på nett – meir informasjon om det kjem etter kvart!

Comments are closed.