Se innlegg etter kategori

Snart er første norske F-35 klart – slik kan du ta del i markeringa

Slik såg de ut då Australia feira sitt første F-35 i juli 2015. No er det snart vår tur, og du kan følge heile feiringa på nett her heime.

Slik såg de ut då Australia markerte sitt første F-35 i juli 2015. No er det snart vår tur, og du kan følgje heile markeringa på nett her heime.

Endeleg, etter fleire år med prosess, bygging og debatt er tida komen – no er første norske F-35 snart klart til levering. Dette vil me saman med Lockheed Martin markere i ein stor seremoni 22. september med rundt 250 gjester i salen, og mellom dei forsvarsministeren og forsvarssjefen.

Men – me veit at det er mange fleire enn 250 som me har å takka for at me har kome så langt som dette, og det er langt fleire som gjennom dei neste åra har ein utruleg viktig jobb å gjere for at me skal lukkast med innføringa av F-35 i Forsvaret. For at alle dei skal kunne få med seg markeringa vil Lockheed Martin sette opp ein live-stream frå seremonien i Texas. Seremonien byrjar 17:00 norsk tid, og vil vare i ca. 45 minutt. Allereie veit med at det er organisert møter og seminar for å følgje arrangementet, og me ventar at det kjem enda fleire slike på banen i tida fram mot seremonien!

Meir informasjon om korleis de kan sjå live-streamen kjem på bloggen etter kvart!

Comments are closed.