Se innlegg etter kategori

Kva vil det sei at F-35 når første operativ evne?

F-35B frå det amerikanske marineinfanteriet - den første skvadronen med slike er no klar til å løyse skarpe oppdrag.

F-35B frå det amerikanske marineinfanteriet – den første skvadronen er no klar til å løyse skarpe oppdrag.

Det amerikanske marineinfanteriet USMC (United States Marine Corps) stadfesta 31. juli at dei har nådd første operativ evne med sine F-35B. Det skjer etter at 121. skvadron frå Yuma har gått gjennom eit grundig testprogram der ein har konkludert med at dei no er klare til å løyse skarpe oppdrag med flya.

Men kva er det ein eigentleg har testa? Dei norske medieoppslaga om dette har overskrifta «De første F-35-flyene er stridsklare» og dei seier at dette «betyr at flyene er testet og godkjent for bruk av det amerikanske forsvaret.»

Vel, ikkje heilt – det er faktisk mykje meir enn det. At USMC no har nådd første operativ evne, eller IOC, er først og fremst ei vurdering av skvadronen som skal bruke dei, meir enn ei vurdering av F-35 som fly. I pressemeldinga i frå USMC seier kommandanten deira, General Dunford:

«VMFA-121 has ten aircraft in the Block 2B configuration with the requisite performance envelope and weapons clearances, to include the training, sustainment capabilities, and infrastructure to deploy to an austere site or a ship. It is capable of conducting Close Air Support, Offensive and Defensive Counter Air, Air Interdiction, Assault Support Escort and Armed Reconnaissance as part of a Marine Air Ground Task Force, or in support of the Joint Force.”

Dei har altså nok fly, i rett konfigurasjon, med rett trening, utstyr og våpen til å løyse oppdraga dei er sett til. Det samme gjeld første operativ evne for Noreg, som me planlegg for 2019. Det vil ikkje sei at dei flya som kjem til Noreg i 2017 ikkje er stridsklare, men at me treng to år til å få på plass nok fly, våpen,  personell, trening og utstyr til å fylle dei krava me har sett for første operativ evne. Jobben med å få på plass dette for oss byrjar allereie no, og dei to første norske flya er på plass innan utgangen av 2015.

Comments are closed.