Se innlegg etter kategori

F-35 tek nye steg framover både i ørkenen og på havet!

Luke Air Force Base tok enda eit steg nærare å verte ein av verdas største F-35 -basar.

Frå «Change of Mission»-seremonien på Luke Air Force Base denne veka. Foto: US Air Force

Det er travle veker hos oss i Kampflyprogrammet (skal snart fortelje meir om kvifor), så me rekk ikkje å oppdatere blogg og Twitter så ofte som me skulle ønskje – men det betyr ikkje at det ikkje skjer mykje viktig som me kan blogge om, tvert i mot. I ein liten pause mellom slaga vil eg tipse om to nyhende frå den siste veka – ei frå den fremtidige «norske» F-35-basen Luke Air Force Base i ørkenen i Arizona, og frå USS Wasp og Marine Fighter Wing 121 utanfor kysten av USA. 

«Change of Mission» for 56th Fighter Wing på Luke Air Force Base 

Sjef for 56th Fighter Wing, Brigader Scott Pleus, som sjølv er kvalifisert som flyger på F-35, under markeringa av at F-35 no er ein del av deira «mission statement.» Bak han er flagga til alle som skal ha folk på basen, inkludert Noreg. Foto: US Air Force

56th Fighter Wing er den avdelinga dei norske flya og dei norske flygarane skal bli del av, og denne veka vart F-35 formelt ein del av deira «mission statement» noko dei i god amerikansk stil feira med ein «Change of Mission ceremony.» Dei har og hatt fleire andre store F-35-milepælar dei siste vekene, mellom anna gjennomførte Australia første «partner-flyging» frå basen, og første treningsklasse for F-35-flygarar byrja utdanninga si.

Royal Australian Air Force Maj. Andrew Jackson, 61st Fighter Squadron RAAF squadron leader, taxis out to the runway at Luke Air Force Base, Arizona, May 14, 2015. Jackson is the first Australian pilot to fly the F-35 at Luke. (U.S. Air Force photo by Senior Airman James Hensley)

Travis Byrom, Lockheed Martin instructor pilot, gives students a morning briefing before the start of class at Luke Air Force Base, Arizona, May 5, 2015. The four students are part of the first class to train on the F-35 at Luke. Upon completion of training they will assume the role of instructors to teach future classes of F-35 students. (U.S. Air Force photo by Senior Airman James Hensley)

Travis Byrom, Lockheed Martin instructor pilot, gives students a morning briefing before the start of class at Luke Air Force Base, Arizona, May 5, 2015. The four students are part of the first class to train on the F-35 at Luke. Upon completion of training they will assume the role of instructors to teach future classes of F-35 students. (U.S. Air Force photo by Senior Airman James Hensley)

USMC byrjar «OT-1» med F-35 på USS Wasp

Det amerikanske marineinfanteriet (USMC) skal etter planen nå det ein kallar «initial operating capability» (IOC) med F-35 i sommer, men før det skal dei gjennomføre ein første runde med «Operational Testing.» I den første testrunden kjend som «OT-1» skal seks F-35B frå 121. og 501. skvadron i USMC, utstyrt med den nyaste 2B-programvara, operere frå USS Wasp frå 18. til 29. mai. Her skal dei ikkje lenger drive tekniske testar, men sjå korleis flyet vil fungere i vanleg operativ drift om bord. Eg snakka med min kollega i det fleirnasjonale programmet, Joe DellaVedova, tidlegare denne veka etter at han var komen heim frå eit besøk til Wasp, og han var imponert over det han hadde sett. Det er stor skilnad samanligna med dei tekniske testane han hadde sett før, sa han. Her var det av med silkehanskane for å bekrefte at ein kan drive flya slik ein har planlagt, og at dei andre systema og våpna om bord fungerer saman med F-35.

Meir kjem snart – følg med på Twitter!

Comments are closed.